Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Fahrradtour (1)
-
Fahrzeugtour (2)
- Autotour (2)
-
Fußtour (80)
- Bergtour (29)
- Hochtour (2)
- Jogging (25)
- Spaziergang (12)
- Wanderung (11)
-
Klettern (77)
- Alpinklettern (9)
- Bouldern (9)
- Eisklettern (20)
- Mixed-Klettern (3)
- Sportklettern (3)
-
Skitour (13)
- Randonnée/Telemark (11)
- Tourenskilauf (2)
Peakbookfreunde
Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Orkdal: Omnfjellvarden på skarp skare.
- Datum:
- 23.12.2015
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 3:00h
Ny dag i Trondheims nærområde. I dag stod Omnfjellvarden for tur - ein topp med fristande primærfaktor i eit område eg ikkje har vore før. I grålysninga køyrde eg fast bilen i stålskaren på Langlidalen parkeringsplass. Eg håpa at plussgrader ut etter dagen kunne bedre sjangsane for å få den laus, så eg luska avgårde oppetter myrane utan å gjere noko meir med det der og då. Det var skare som for det meste heldt vekta, men som var veldig glatt til tider. Merkinga var god, men på særtrøndersk vis noko usamanhengande. Eg mista raskt stien, og sikta meg inn på ei litt meir direkte linje mot toppen. Nett då eg kom opp på topp-platået stod sola opp i sørvest (som den gjer i Trøndelag, i motsetning til andre stader). Nydelig fargespel og ei fantastisk utsikt, særlig nordover. >>>
Stjørdal: Forbordsfjellet - utforsking av traffikert fjell.
- Datum:
- 20.12.2015
- Tourcharakter:
- Spaziergang
I serien "bynære kremtoppar" var tida no kome til Forbordsfjellet. Det ligg fritt til på Stjørdal, og eg tenkte at her måtte det vere flott utsikt! Eg og Svigerfar Magne skulle hente ved på Skattval denne helga, og med dårlige meldingar i det meste av midt-noreg måtte dette vere passelig helgeunderholdning. Vi parkerte i ein sving der det var skilta til Forbodsfjellet. Vegen gjekk lenger, men dette stemte bra med denne turrapporten. Ingen vits i å gjere turen kortare enn nødvendig. Granskogen hadde eit overraskande komplisert vegnett, men det var tydelige blågrå merker og skilt. Etter kvart tok vi av frå skogsvegen og gjekk strake vegen bratt opp under monstermastene til toppen. På toppen vart det kaffi, og vi konkurrerte om kven som kunne navngi toppane ikring oss med størst >>>
Melhus: Vassfjellet - Rikelig med skilting.
- Datum:
- 29.11.2015
- Tourcharakter:
- Wanderung
Vassfjellet - Trondheims Table Mountain, ruvar lengst nord i Melhus, med sitt snaue topp-platå og sine (medium) bratte flankar og imponerande primærfaktor. Det var på tide å sjekke turkvaliteten. Starta frå parkeringa ved vasstanken, og gikk i rask og sjølvsikker gange forbi Barnas Turistforeningsdag; retning oppover. Eg tenkte at det var jo synd Vassfjellet ikkje hadde eit litt tøffare navn - Ørnenuten, Gaupetind eller Dødzhorn for eksempel? Det hadde heilt klart hjelpt på attraktiviteten. Eg kika etter skilting mot toppen. Til tross for særs utbreidd skilting var det vanskelig å finne informasjon om kva av dei mange stiane i skogen som skulle lede til topps. Eg gikk etter hugsen, og fulgte ein sti sørover og oppover, men det såg ikkje ut som denne hadde stor trafikk. Det var også >>>
Lang trask til Mt. Washington, med overraskelse!
- Datum:
- 10.11.2015
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 9:30h
- Entfernung:
- 22,0km
Boston-oppholdet nærma seg slutten, og etter å ha jobba ræva av meg på lab'en i to år ville eg gi meg fridomen til å avspasere ein dag for å nyte fjellheimen. Eg tenkte over ulike alternativ, og kom på at eg ikkje hadde fullført Presidential Traverse i fjord . Ein tur til Mt. Washington skulle jo vere ein flott tur på tampen av USA-oppholdet. Eg tenkte ei stund på å prøve heile traversen, men det er jo eingong November, med korte dagar og lite folk i fjellet. Dessutan er det ein logistisk floke å få til trasport på kvar side av den 4 mil longe traversen. Heller vart det til at eg gikk frå AMC-hytta på Crawford Notch, og raska med meg ugåtte toppar sør for Mt. Washington. Det vart alpin start frå Boston kl. 6, og i bilen nordover kosa eg meg med kaffi, skjever og røvarhistorier frå K2 dosert lett sjølvhevdande av Ed Viesturs. >>>
Puerto de Marbella
- Datum:
- 02.10.2015
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 3:00h
- Entfernung:
- 11,0km
Konferanse i Marbella, og denne dagen hadde vi ettermiddagen fri. Eg hadde sett ein fin sti som gjekk oppover fjella frå Camino de Puerto Rico, og tenkte eg kunne følge denne eit stykke som ettermiddagstur. Etter kvart såg eg at den gjekk mot ein topp som såg litt nærare og lavare ut enn dei som låg lenger vest. Kanskje eg kunne plukke med eit peakbook-element? Gradestokken viste 32 grader oppover bakkane og eg hadde ikkje med vatn, men klokka var halv 6 og det var jo ikkje så langt, tenkte eg. Men det viste seg å vere eit godt stykke. Stien snirkla seg oppover fjellsida i nydelig terreng. Prøvde å vere effektiv så det ikkje skulle gå så lang tid. Langt om lenge kom eg opp til skaret mellom Cruz De Jumar og toppen eg hadde sett meg ut. Her var det til alt overmål ein bilveg. Eg tenkte >>>