Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Fahrradtour (1)
-
Fahrzeugtour (2)
- Autotour (2)
-
Fußtour (80)
- Bergtour (29)
- Hochtour (2)
- Jogging (25)
- Spaziergang (12)
- Wanderung (11)
-
Klettern (77)
- Alpinklettern (9)
- Bouldern (9)
- Eisklettern (20)
- Mixed-Klettern (3)
- Sportklettern (3)
-
Skitour (13)
- Randonnée/Telemark (11)
- Tourenskilauf (2)
Peakbookfreunde
Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Sør-Trøndelag pf>500: Søndre knutshøa
- Datum:
- 03.09.2016
- Tourcharakter:
- Spaziergang
- Tourlänge:
- 3:00h
- Entfernung:
- 10,0km
Oppvarmingstur til Søndre Knutshøa på veg til morgendagens større prosjekt i Rondane. Underfundig stimerking på kryss og tvers opp myrene. Fin utsikt til Snøhetta og resten av Dovreveggen.
Skaun: Kvernberget med Eskil
- Datum:
- 19.08.2016
- Tourcharakter:
- Spaziergang
Lufta junior. Vi gikk for ein enkel tur, ingen grunn til å skyte over mål. Bilturen var som vanlig upopulær, medan turen var populær. Fint å leike på Øyberget.
Trondheim pf>100: Solemsvåttan
- Datum:
- 10.07.2016
- Tourcharakter:
- Spaziergang
- Tourlänge:
- 1:00h
Kom heim frå klatresenteret og sola skein som berre det. Ein kan ikkje sitte inne på ein slik dag. Eskil foreslo at eg burde jobbe litt på Trondheim pf>100-lista mi. Kona valde å vere heime då ho framleis er litt rammeskeiv etter fødselen. Eg og Eskil sette snuten mot Solemsvåttån. Fin sti frå Tjønnstuggu - varmt oppetter bakkane. Eskil vekte ålmen munterheit hjå turfolket med godt humør. Etter litt var vi på toppen, der vi kunne nyte god utsikt over trondheimsregionen mellom tretoppane. Så gikk vi ned igjen.
Skaun: Våttån - Eskil sin første pf100
- Datum:
- 14.04.2016
- Tourcharakter:
- Spaziergang
- Tourlänge:
- 1:00h
Eskil hadde no passert den modne alder av 3,5 månedar. Som far og omsorgsperson var eg skamfull over at han enda ikkje hadde besøkt eit pf>100-punkt. Eg leita litt i Trondheim sitt nærområde, og fann Våttån som visst nok både hadde pf>100 og flott utsikt. Eskil vart tanka opp, og vi hoppa i bilen. Vi fann raskt vegen, som var svært godt merka, og junior vart plassert i bæreselen. Han sovna heldigvis rimelig kjapt, og eg rusla opp traktorveg og sti ein halvtimes tid til toppen. Der skreiv vi oss inn i boka, Junior glippa litt med augene, men verka ellers upåverka av utsikta over Trondheimsfjorden. Du må spa opp ein bedre tind enn dette om eg skal bli imponert, Pappa (zzzzz). Eg var frista til å seie meg einig. Pf>100-samling i Trøndelagen virkar som eit mindre interessant >>>
Stjørdal: Forbordsfjellet - utforsking av traffikert fjell.
- Datum:
- 20.12.2015
- Tourcharakter:
- Spaziergang
I serien "bynære kremtoppar" var tida no kome til Forbordsfjellet. Det ligg fritt til på Stjørdal, og eg tenkte at her måtte det vere flott utsikt! Eg og Svigerfar Magne skulle hente ved på Skattval denne helga, og med dårlige meldingar i det meste av midt-noreg måtte dette vere passelig helgeunderholdning. Vi parkerte i ein sving der det var skilta til Forbodsfjellet. Vegen gjekk lenger, men dette stemte bra med denne turrapporten. Ingen vits i å gjere turen kortare enn nødvendig. Granskogen hadde eit overraskande komplisert vegnett, men det var tydelige blågrå merker og skilt. Etter kvart tok vi av frå skogsvegen og gjekk strake vegen bratt opp under monstermastene til toppen. På toppen vart det kaffi, og vi konkurrerte om kven som kunne navngi toppane ikring oss med størst >>>
Trolledalsegga
- Datum:
- 09.08.2015
- Tourcharakter:
- Spaziergang
Siste dag i Nordfjord denne ferien. Noko ustabilt vær, men ikkje verre enn at ein måtte kome seg på tur. Tenkte eg kunne lufte slekta litt, og lokka Kona og Christopher med Trolledalsegga og grusveg heilt til topps. Etter litt feilkøyring på Lote fann vi vegen til Lotsstøylen. Her kom høgdemetera fort (på bilvegen opp til støylen)! Parkerte på støylen og gjekk svingane oppover mot toppen. Det vart etter kvart noko kald trekk. Skodda låg på omtrent 1000 meter, og vi kom etterkart opp i vestlandsk heilårsvær (5 grader og duskregn). Det skulle vere veldig fin utsikt herifrå, men i dag fekk vi nøye oss med å sjå litt på Horningdalsvatnet. Etter ein kjapp skjevestopp i ly av huset på toppen sprang vi tilbake til bilen. Det vanka softis på turleiar og nevø etterpå.