Svartenuten og Lonanuten (20.08.2015)
Besteigungen | Benkjanuten (1.248m) | 20.08.2015 |
---|---|---|
Benkjanuten nord (1.240m) | 20.08.2015 | |
Lonanuten (1.090m) | 20.08.2015 | |
Svartenuten (1.288m) | 20.08.2015 |
Frå Rv 13 ved Nesflaten kjørte eg på god anleggsveg opp til vestenden av Vasstølsvatnet på 750 moh. Gjekk derfrå nordvestover i relativt lettgått terreng over dei to Benkjanuttoppane og så via Svartenutstølen til Svartenuten. Litt inneklemt topp med høgare fjellmassiv både i aust og vest, men flott utsikt både sør- og nordover.
Vidare nordover kunne eg skli på snøfenner ned til Kvanngrødalen. Så opp til Lonanuten som har stort topplatå og ikkje nokon særlig markert topp. Gjekk ut på Kanten vest for trigpunktet der ein kan sjå ned i Brattlandsdalen 700 m lenger nede. På returen gjekk eg om Suldalsskaret tilbake til Vasstølvatnet. Det var ein varm og fin seinsommerdag.
Benutzerkommentare