Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Fußtour (48)
- Bergtour (5)
- Spaziergang (2)
- Wanderung (41)
-
Skitour (25)
- Tourenskilauf (25)
Peakbookfreunde
Gesammelte Listen
- Gjesdal ≥ 100m pf.
- 2000m 50m pf. fastlandet
- 2000m 30m pf. fastlandet
- Hordaland ≥ 500m pf.
- Norwegen Festland - 2000m, 10m pf
- Rogaland ≥ 250m pf.
- Forsand ≥ 100m pf.
- Rogaland ≥ 100m pf.
- Gjesdal 50m pf
- Sandnes 50m pf
- Hjelmeland ≥ 100m pf.
- Suldal ≥ 100m pf.
- Oppland ≥ 500m pf.
- Haugalandet >=100m pf.
- Odda ≥ 100m pf.
- 1800m ≥ 100m pf. fastlandet
- Norske kremtopper av E.W.T
- Sirdal ≥ 100m pf.
- Sør-Norge >500m pf
- Bjerkreim 50m pf
Lieblingsgipfel
Stiganosi og Storebreen
- Datum:
- 28.05.2012
Fra E16 mellom Gudvangatunnelen og Flenjatunnelen er det en avkjørsel til Undredal. God plass å parkere i vegkanten nedforbi elva. Kom inn på T-merka sti fra Langhuso gjennom Jonadalen til Grindaflethytta. Bratt stigning dei første 250 hm. Fra Sørfallgrovi er det en flott foss ovanfor stien. Nedanfor fossen var elvegjelet snøfylt av rasmasser som eg gjekk over. Videre vestover flata det litt ut og terrenget åpna seg. På ca 870 moh er det ruiner etter en nedlagt støl og etter å ha passert den tok eg på skia og gjekk over et snøfylt bekkegjel. Brukte ikkje feller og på rundt 1050 moh blei det så bratt at eg heller gjekk til fots oppover den nesten snøfrie fjellsida mellom Sauaklypet og Haskåbotn. Fra snaut 1500 moh gjekk eg på ski den siste slake etappen opp til Stiganosi. Det >>>
Tarven og Ljosberg
- Datum:
- 27.05.2012
Fra Flåm kjørte eg opp til en geitegard på Ryali på snaut 700 moh. Her var det grinder og geiter i vegen så eg parkerte der. Vegen var nok kjørbar videre oppover og, men eg gjekk og bar med ski som eg tok på der vegen slutter på 980 moh. Gjekk på nord- og austsida av Kloppelvi oppover til Ljosberg. Hadde en time pause her før eg rant ned mot Kaldavatnet og gjekk opp den ganske bratte nordaustryggen til Tarven. Litt kortere pause her før retur ned til Kaldavatnet. Såg et reinsdyr med kalv som sprang sørover på vestsida av toppen. Fra Kaldavatnet gjekk eg over Brimtorva og Roaldshovden tilbake til Ryali.
Pinsetur til Fresvikbreen
- Datum:
- 26.05.2012
Gjekk frå Grønsberg på 440 moh på grusveg opp til Nummedalsstølen og så i terrenget oppover. Skiføre over 850 moh. Gjekk en trase noe vest for sommerstien nordover, og oppe på ryggen dreide eg austover opp til Rambertinden som har stor varde med boks og bok. Meste skyfri himmel men disig utover Sognefjorden. Hadde 1,5t mat- og utsiktspause før eg gjekk videre over Nummestolane og 1548-toppen og ankom Fresvikbreen i nydelig kveldssol. Ned igjen gjekk eg ei nordligere rute over vatn 1410 og nord for 1548-toppen og Nummestolane tilbake til sadelen sør for Rambertinden. Gjekk så vestover til tjern 1453 og ned til fots i ei bratt renne vest for punkt 1484 ned til Stuasetbotnen og det gjekk derfra raskt ned den store flanken ned til Nummedalsstølen og så på vegen igjen ned til Grønsberg. >>>
Marinuten og Børelsknuten
- Datum:
- 12.05.2012
Gjekk på ski frå Lortabu til Sandvatn turisthytte og videre til Sandvassknuten og Degevassheia før eg kryssa Degevatnet på vei sørover til Marinuten. Derfra videre til Stolpefjell og så ned mot Grunnetjønnstølen og til fots opp og ned nordaustryggen til Børelsknuten. Toppen på Børelsknuten har en 3-4 m høg stein som eg ikkje klarte å koma opp på. Såg ikkje syn på å gå gjennom det tronge skaret i Gloppedalen sidan eg ikkje visste koss framkomeligheten var ned der, så eg gjekk opp igjen nordforbi Stolpefjell og ned på kvistaløypa sør for Lyseknuten ned til Lortabu. Var ingen ferske skispor å sjå i området. Det var nordvest kuling og lettskya ver med nokon lette snøbøyer i kveldinga. Vinden stilna av utover kvelden men det fraus på og blei skareføre.
Kvigedalseggi, Høgenipa og Hestafjellet
- Datum:
- 04.05.2012
Frå rv569 snaut 2km nord for Dalseid gjekk eg på traktorveg oppover langs Dalseidmarkåna. På ca 250moh deler vegen seg og eg gjekk til høgre over ånå opp til Dalseidstølen. Vegen går over til sti det siste stykket til stølen. Gjekk vestover til ca 600moh og så på ski sørover til Kvigedalsegga. Det var lett regn i lufta da eg begynte å gå men nå skein sola mens det fortsatt var tunge skyer austover. Gjekk til fots ned ei renne til nordenden av nedre Krokavatnet og så opp på Knutstignova. Derfra på ski vestover til Høgenipa. Puslete varde på denne toppen, i motsetning til toppen av Osterøya i vest. Rant så ned til nedre Krokavatnet igjen og gjekk opp på Hestafjellet. Måtte så ned på øvre Krokavatnet igjen og gjekk via Storebotnen på dei siste snøflekkane ned til >>>
Hamlagrøhornet og Mykkeltveitveten
- Datum:
- 03.05.2012
Gjekk på ski får Nordre Hamlagrø opp til Hamlagrøhornet og Såta og en liten fottur over ryggen til Løva. En morsom liten fjellrygg som faktisk ligna på ei løve! Rant så ned nordover på vestsida av Løva til Kinni og gjekk opp sørsida til Mykkeltveitveten. Denne toppen er ganske majestetisk sett frå E16 langs Vangsvatnet, og ligner på en utdødd vulkan med sitt slake pyramideforma topparti. Det var sol første del av dagen men det skya over ved middagstider. Eg var sein å koma meg avgårde og da eg kom på toppen begynte det å snøa så det blei dessverre dårlig med utsikten. Det var noen dager gamle skispor i området og boks på varden med bok så eg skreiv meg som vanlig inn i den. På alle kart eg har sett brukes namnet Mykletveitveten om denne toppen, men vossingane seier >>>
Olsskavlen og Seldalsnuten
- Datum:
- 02.05.2012
Parkerte på "feil" parkeringsplass på nordsida av jernbanen litt ovanfor Voll i Raundalen. Gjekk over elva på ei bru og gjekk på ski oppover Tungefjellet til Olsskavlen. Masse skispor opp, og ifølge vardeboka må det ha vore reine folkevandringa dei siste dagane. Litt disig langs horisonten men fekk raskt auge på Hurrungane i Jotunheimen. Blåskavlen sperra for sentale deler av "heimen", men det var noen topper som stakk opp lenger aust som eg ikkje klarte å identifisere. Det var en mindre varde nord for toppen, 15-20 hm lavere nede. Ifølge kartet går kommunegrensa mellom Granvin og Voss litt nord for toppen, men ikkje så langt nede som varden var plassert. Etter 1,5t pause på Olsskavlen gjekk eg videre til Seldalsnuten der eg fekk med meg solnedgangen litt over >>>
Fuglafjellet i Kvam
- Datum:
- 01.05.2012
Gjekk på ski frå Osen i vestenden av Hamlagrøvatnet til Vending turisthytte. Det var en del folk på tur til Vending denne dagen. Derfra gjekk eg oppover ryggen mellom Vending og Fugladalen over topp 1143 og videre sørvestover til Fuglafjellet. Det var nokon skispor her og men traff ingen. Varden på toppen var nedsnøa og var bare en liten forhøyning på toppkammen. Kjempeutsikt i strålande ver. På tilbaketuren gjekk eg til fots ned det bratte Tverrelvgjelet, og så kvista løype frå Vending tilbake til Osen. Tok meg god tid og brukte 9t i et fantastisk 1.maiver.