Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Fußtour (48)
- Bergtour (5)
- Spaziergang (2)
- Wanderung (41)
-
Skitour (25)
- Tourenskilauf (25)
Peakbookfreunde
Gesammelte Listen
- Gjesdal ≥ 100m pf.
- 2000m 50m pf. fastlandet
- 2000m 30m pf. fastlandet
- Hordaland ≥ 500m pf.
- Norwegen Festland - 2000m, 10m pf
- Rogaland ≥ 250m pf.
- Forsand ≥ 100m pf.
- Rogaland ≥ 100m pf.
- Gjesdal 50m pf
- Sandnes 50m pf
- Hjelmeland ≥ 100m pf.
- Suldal ≥ 100m pf.
- Oppland ≥ 500m pf.
- Haugalandet >=100m pf.
- Odda ≥ 100m pf.
- 1800m ≥ 100m pf. fastlandet
- Norske kremtopper av E.W.T
- Sirdal ≥ 100m pf.
- Sør-Norge >500m pf
- Bjerkreim 50m pf
Lieblingsgipfel
Daurmålsknuten og Såta
- Datum:
- 28.07.2012
Gjekk frå garden Øygard sør for Vikeså på gjengrodd traktorveg et stykke oppover mot Hellevatnet før eg gjekk nordover opp på Rossaknuten, som er navnlaus på M711-kartet. Så videre austover til Daurmålsknuten. Der var det rødmerka sti frå Berland som eg fulgte et stykke før eg gjekk videre sørover og opp på fleire nesten like høge topper på Mjåvassknuten og Skorafjellet. Derfra vestover til Rindi og så ned mot Nordavatnet og på rødmerka sti opp til Såta. Så ned til Holmen og opp til Øygard igjen. En rundtur eg brukte ca 9t på.
Mellom Høgaheia og Langskårsheia
- Datum:
- 21.07.2012
Gjekk frå nordenden av Åsvolltjørna sørover forbi Klemmesknuden til Kisthei som har fleire omtrent like høge topper, og så til Voreknuden med telenormasta. Videre sørover over Urdalsknuden og på vestsida av Kringlevatnet til Langskårsheia. Der er høgaste punkt på 469m og ikkje 476m, ca 700m nord for varden og trigpunktet. Gjekk så nordover til Moldalsknudane og forbi sørenden av Steinslandsvatnet til Sletthei og så austover over Solliheia og på merka sti tilbake til Åsvolltjørna og var oppom Høgeheia til slutt. Dagen begynte med ganske fint ver men det skya gradvis til frå vest og nord utover dagen og eg brukte drøyt 12t på denne turen som var ganske krevande pga mykkje høgt gras i mesteparten av området der eg gjekk.
Fra Heståsen til Lauvåsen
- Datum:
- 14.07.2012
Kjørte Rv 13 mot Årdal og Hjelmeland og plasserte en sykkel på vegen mot skytebanen vest for toppen av Ingvaldstadbrekka og kjørte et stykke tilbake igjen til toppen av Riskadalsbrekka. Derfra var det skilta og merka mot Heståsen på delvis gjengrodd sti. Så i noenlunde grei farbar skog vestover til Helgaknuten og oppom Steinsvigfjellet og på delvis gjengrodd sti ned mot Nessavatnet og så på traktorveger og stier til Ramnafjellet, Skjekkjesåsen og Heståsen til Fister og så på god veg heilt opp til Lauvåsen med Fistermasta. Derfra på merka sti over Medheia ned til Rv13 på toppen av Ingvaldstadbrekka. Sykla derfra tilbake til bilen. 12t på tur i skya til halvskya ver og ikkje altfor varmt.
Storafjellet, Brådlifjellet og Åsen
- Datum:
- 08.07.2012
Gjekk frå Vikesdalslia på merka sti opp gjennon lauvskog i sørvestsida av Srorafjellet. Stien enda på vestlig toppunkt på 511 m som er et utsiktspunkt med vardebok. Gjekk så opp på toppryggen som har fire omtrent like høge toppunkter med småvarder. Topp nr 3 frå sørvest er sannsynligvis den høgaste og har ifølge ØK 1:2000 høyde på 540 m, mens den nordligste toppen er nest høgast med 539 m. Flott ver men noko disig, særlig vestover. Gjekk deretter videre austover og opp på topp 348m aust for Brådlifjellet og så opp på sjølve Brådlifjellet. Gjekk ned sørover på traktorveg til Brådli. Fulgte så rv 503 et stykke og gjekk på en skogsveg nesten til topps på Åsen som er 219m, mens trigpkt er 215m. Ned skogsvegen igjen og tilbake til Vikesdalslia. Brukte ca 6t på denne >>>
Høylandsfjellet og Lyefjellet
- Datum:
- 05.07.2012
Eg og Helga gjekk frå parkeringsplassen på sørsida av Åsenvatnet på en litt utydelig sti gjennom skogen et stykke og fulgte så traktorveg nesten til topps på Høylandsfjellet. Ned igjen på nordsida og over myra nord for Sorpetjørna og så på traktorveg nesten til topps på Røynåsen. Gjekk så nordover mot Eikelandsmyrane og fulgte så Prestavegen vestover tilbake til Åsen. Herfra gjekk eg da opp på Lyefjellet. Det er tre omtrent like høge topper som eg var oppom. Opgitt høyde på M711-kartet på 274m er ikkje rett og ifølge ØK 1:2000 er høyden bare 262m. Til slutt gjekk eg opp på Melsknuten frå vestenden av Melsvatnet.