Min første topp (og 2000-meter) i Jotunheimen (21.04.2012)
Startpunkt | Valdresflya (1.389m) |
---|---|
Endpunkt | Valdresflya (1.389m) |
Tourcharakter | Skitour |
Tourlänge | 7h 40min |
Entfernung | 19,6km |
Höhenmeter | 720m |
GPS |
Besteigungen | Rasletinden (2.105m) | 21.04.2012 |
---|
Inntil denne dagen hadde eg besøkt 263 registrerte toppar. Utruleg nok er ingen av desse toppane i Jotunheimen! Dette skulle endre seg denne dagen. Då var det nemlig duka for topptur på ski i Jotunheimen. Med på turen var Svein Thore, Einar og Kjetil. Morgonfriske som vi er, starta vi klokka 5.30 frå Lillehammer og køyrde mot Valdresflya. Vi starta klokka 0830 med å gå. Fine snøforhold med nysnø og med 1-2 meter snø. Vi starta i skodde og lett snøver, men etterkvart kom sola meir og meir fram. På toppen hadde vi fint ver og vindstille (!). Det var vi som fekk æra av å lage skiløype mot toppen. På turen nedover møtte vi fleire fornøgde turskigåarar, som i tillegg var svært så nøgd med å få gå i ferdig tillaga skispor!
Cirka klokka 1630 var vi nede ved bilen att, og sette kursen mot Lillehammer. Vi var einige om at det ikkje måtte bli for lenge til neste tur!
Benutzerkommentare