Bjørnhaugen, Nylsfjellet og Botilhaugen (12.03.2014)


Tourcharakter Tourenskilauf
Tourlänge 5h 16min
Entfernung 17,7km
Höhenmeter 390m
GPS
Besteigungen Bjørnhaugen (840m) 12.03.2014
Botilshaugen (769m) 12.03.2014
Nylsfjellet (1.017m) 12.03.2014

Tretoppstur i Nordre Land. Sjå GPS-spor.

mariusmeland_nylsfjellet_bjønnhaugen_botilshaugen.jpg

Første del av turen gjekk til Bjørnhaugen. Toppen ser enkel og overkomeleg ut på kartet. Den gang ei! Bratte parti mot toppen og til dels tett skog gjorde turen utfordrande. Det var ikkje berre å ta av seg skia heller, 1-2 meter delvis våt snø som der var. Brukbar utsikt frå toppen.

Deretter gjekk turen til Nylsfjellet. Stigning opp gjennom skog og over masse snødekte tre som var bøygd ned og dekt av store snøkular, noko som gjorde at turen oppover var som ei slags kuleløype. Fint på toppen, der var det eit relativt flatt parti der høgfjellfølelsen kom godt fram! Flott utsikt frå toppen i mange retningar!

Deretter var det retur til bilen. Gjekk over ei myr vest for Øytjernsætra. Eit ope hol i snøen her indikerte snødjup på nesten 2 meter.

Ned att vart det stogg ved Sveom, der det vart ein tur til Botilshaugen og tilbake. Lite utsikt frå toppen, skogdekt som han var.

Alt i alt ein bra dag, med Nylsfjellet som eit naturleg høgdepunkt.

Til dels solrikt ver og påskestemning med 6 varmegrader på Nylsfjellet.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.