Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Tour (2)
- Expedition (2)
-
Fahrzeugtour (1)
- Autotour (1)
-
Fußtour (218)
- Bergtour (104)
- Jogging (4)
- Spaziergang (1)
- Wanderung (108)
-
Skitour (99)
- Langlauf (59)
- Tourenskilauf (31)
Topptur til Ljøsheim
- Datum:
- 15.12.2011
Om dette var ein strabasiøs og hard topptur, kan diskuterast. Denne toppen ligg i eit hyttefelt, med køyrbar veg til topps. Berre ein litt dårleg brøyta hytteveg hindra Berlingo i å nå sin topp nr 2. Dermed måtte eg gå åleine dei siste 200 meter til topps, medan Berlingo venta tolmodig i 10 minutt. Ei hytte er plassert oppå det som ser ut til å vere øvste punkt, ein rimeleg påkosta toppvarde med andre ord! Skodde her oppe denne dagen. For at andre enn Berlingo skulle få trim i dag, tok eg meg ein skitur i ei delvis nedsnødd løype, og fekk dermed notert meg 6 km. Turen gjekk langs vatnet Grunna. Av alle toppar eg har vore på, var det faktisk denne - litt beskjedne - toppen som skulle få æra av å bli min topp nr 250.