Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Facebook

Siste del av tur 1 i boka med 70 turar

Datum:
27.11.2018
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
1:32h
Entfernung:
5,8km
Karte    

Atter ein gong full pott i Ringsaker

Datum:
18.11.2018
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
0:42h
Entfernung:
2,3km

Etter at Høgsvehaugen kom opp som ein > 50 m PF-topp, måtte eg jo tilbake igjen, så eg fekk full pott i Ringsaker-lista, som no er kome opp i 40 toppar. Fin veg og sti oppover gjennom skogen. Hogstfelt er kanskje ikkje så fint, men du verden kor bra utsikt det blir.

Karte    

Frøbergsberget

Datum:
18.11.2018
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
0:24h
Entfernung:
1,1km

Etter å ha vore på Høgsvehaugen og Kollmyrkampen i strålande sol før på dagen, var det på tide å jekke seg ned litt og dukke ned i skoddehavet. Det vart ein kort og effektiv tur på god sti. Mange hamringar ute på joggetur i dag.

Karte    

Første topp i Hamar

Datum:
18.11.2018
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:06h
Entfernung:
3,6km

Eg hadde ikkje store planar om å starte toppsamling i Hamar. Men etter å ha vore på siste topp i Ringsaker, var det jo like greitt å utnytte muligheter i nærområdet. Starta frå Stenfjellhytta og gjekk på god sti mot aust. Litt våt nokre stader, men det var no lagt godt ut med plank. Fine og opne myrflater. Flott utsikt mot skoddehavet i sør frå Steinfjellhytta. Som ein ser, er det lite snø i forhold til normalen i fjellet her.

Karte    

I mørket i Søre Ål-marka - del av tur 1 og 2

Datum:
14.11.2018
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
1:22h
Entfernung:
4,9km
Karte    

Del av tur 1 frå turbok med 70 turar

Datum:
04.11.2018
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
0:58h
Entfernung:
4,5km
Karte    

Hornsjøkampen

Datum:
27.10.2018
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:02h
Entfernung:
6,0km

Etter å ha vore på Høglikollen, var Hornsjøkampen neste mål. Turen starta ved demningen i sørenden av Hornsjøen, og gjekk på brukbar sti langs vatnet og litt oppover. Her var det myrlendt, og sti var berre delvis tydeleg opp mot toppen, før den vart tydelegare mot toppen. Flott terreng, som er til dels urørt, med høge grantre, bjørker og mange myrer. Så lenge det er så kaldt og tørt som no, er det berre ein fornøyelse å gå over myrene. Brukbar utsikt frå toppen, iallfall mot aust. Supert å samle på slike toppar som dette, då det gir meg muligheten til å gå på fine plassar eg elles ikkje hadde tenkt å gå på.

Karte    

Høglikollen

Datum:
27.10.2018
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:12h
Entfernung:
4,1km

Dagens første turmål var Høglikollen. Turen gjekk langs sti / skiløype, rett før eg svingte av mot toppen. GPS var viktig å bruke for å finne toppunktet, ikkje pga sikt, det var skoglaust på toppen, men fordi toppen var så flat! Men utsikta var bra. Det var eit sjakkbrett å gå her i dag med frost og tørre forhold, då det elles nok er nokså vått å gå her. Fin og til dels urørt natur av bjørk, gran, myr m.m. i Hynna naturreservat. Tørt snødryss i terrenget.

Karte    

Del av tur 2 frå turbok med 70 turar

Datum:
24.10.2018
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
1:08h
Entfernung:
4,8km
Karte    

Tur 3 frå turbok Lillehammer m.m.: rundtur i Roterudbygda

Datum:
21.10.2018
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
1:44h
Entfernung:
6,5km

Då prøvde eg meg på ein rundtur i frå denne boka. Det vart ein naturleg avstikkar opp til Sollihøgda også. Rart at det ikkje går sti opp til toppen her, når stien passerer ca 100 m avstand frå toppunktet. Men utsikten er noko begrensa, slik at det er kanskje ikkje alle som tenkjer at dette er eit naturleg toppunkt. Med meir tilrettelegging og skånsom hogst/uttynning på toppen kan dette bli eit ålreit toppunkt. Elles var det ein fin tur på nokolunde gode stiar. Generelt ikkje mykje utsikt, men fin utsikt frå Skjellerudsvea og hogstfelt rett nord for ei hytte.

Karte