Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Facebook

Djuptjernkampen

Datum:
18.10.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:28h
Entfernung:
11,0km

Så var det den lett mektige Djuptjernkampen som stod for tur. God og i stor grad oppmerka sti heile vegen. Møtte fleire folk på turen som var ute og nytte det fine (og litt vindfulle) haustvêret. Fin natur og fin utsikt på store delar av turen.

Karte    

Lenningshøgda

Datum:
18.10.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
0:12h
Entfernung:
0,7km

Snartur til Lenningshøgda, var ikkje mange minuttane opp dit. Moderne hytteutbygging har gjort enkelte toppar lett tilgjengelege. Turen fungerte også som oppvarming til den høgare Djuptjernkampen.

Karte    

Druktjørnhaugen og Søre Suluhø

Datum:
19.09.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:46h
Entfernung:
8,2km

Etter å ha vore på Storhaugen, var turen komen til desse to toppane. Fin tur som gjekk på blanding av sti og "av-sti". Fine haustfargar, bart fjellterreng, gul bjørkeskog, forholdsvis tørre myrar, ja det var ikkje måte på kor bra denne turen vart.

Karte    

Storhaugen

Datum:
19.09.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
0:45h
Entfernung:
2,1km

Dagens første topp i Langsua nasjonalpark vart Storhaugen. I eit fantastisk haustver gjekk denne turen.

Karte    

Alle tre Røssjøkollane

Datum:
23.08.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:48h
Entfernung:
11,8km

Fekk tatt ein rundtur her i dag. Gode stiar og lett å gå. Vart meir regn enn eg hadde berekna, så eg vart våt på turen ned. Fin utsikt i frå samtlege toppar, og fint terreng å gå i.

Karte    

2-topparstur i Langsua nasjonalpark

Datum:
09.08.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:37h
Entfernung:
12,0km

Dagens tur gjekk til desse to toppane. Flott vêr og akkurat passe temperatur. Turen gjekk i fin skog og fint fjellområde. På veg opp mot Grytlifjellet følgde eg sti eit stykke før eg fann ut eg ville knalle opp i terrenget. Utsikta frå Grytlifjellet var konge! Neste topp var Søre Revåkampen. Følgde sti nordover eit stykke før eg knalla ned gjennom skog og myr, og opp mot neste topp. Triveleg med nasjonalpark, skulle gjerne hatt fleire slike område rundt seg. Tett lågvokst skog på Søre Revåkampen. Gjekk ned i bjørkejungelen før ein fin utsikt mot Dokkvatnet og Dokkampen openberra seg. Deretter var det ned i skogen, og her traff eg faktisk på ein brukbar sti. Vidare ned gjennom skog og myr. Det var mykje myr, så husk gode sko!

Karte    

Fire-toppars-tur kring Einunndalen: etappe 2

Datum:
22.07.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:43h
Entfernung:
7,6km

Så var det klart for etappe 2 etter oppvarming med relativt låge toppar. Her vart det meir stigning, og endå kaldare. Det var etter yr +2 grader på Høgegga og bra med vind, det kjentest sånn ut og! Lite sti, men lettgått og fint terreng over 1300 m.o.h. Bratt opp.

Karte    

Fire-toppars-tur kring Einunddalen: etappe 1

Datum:
22.07.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:28h
Entfernung:
4,3km

Dagens første toppar, topp nr 80 og 81 i Folldal. Lite sti, men generelt lettgått terreng. Kaldt og mykje vind, men vi kan jo ikkje ha varmt vêr kvar dag!

Karte    

Siste topp i Øyer. Eldåhøgda og bonustopp Bendikshøgda

Datum:
16.07.2020
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
5:57h
Entfernung:
18,9km

Med denne turen til Eldåhøgda er Øyer komplett (både 50 og 100 m PF). Turen gjekk i fint ver gjennom fint og lettgått terreng. Første delen gjekk generelt på sti. Etter Gamlelægeret var stien av varierande kvalitet, og eg fann det vel så enkelt å gå utanfor sti, då terrenget er lettgått utan skog. Fin utsikt frå Eldhåhøgda. Rett før turen fann eg ut at Bendikhøgda i Ringebu hadde primærfaktor over 50 meter (ikkje 45 meter), slik at plutseleg var denne på mi samleliste for Ringebu. Måtte då ein tur bortom her også :) Her var det relativt grei sti.

Karte    

Sundsfjellet (og Kjenuken)

Datum:
10.07.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:46h
Entfernung:
9,2km

Fin tur til Sundsfjellet. Turen gjekk på god sti opp til cirka 800 m.o.h., deretter ein litt dårleg sti opp mot Kjenuken, før eg tok av mot Sundsfjellet. Då utsikten mot nord er betre frå Kjenuken, tok eg ein tur hit også.

Karte