Slettningsegge (21.04.2015)


Karte
Besteigungen Slettningsegge (1.524m) 21.04.2015
tonstad_20150423_5538a3ace9e35.jpg
tonstad_20150423_5538a2f94744e.jpg

Frå Svarteknippa tok eg meg ned til salen mellom Årdalsvatnet og Svarteknipptjernet. Her fann eg ein fin rasteplass, så her vart nista fortært. Medan eg sat her vart eg var ein person som sikkert var på tur mot toppen, men han drog meir austover.
Etter kvila bar det rett oppover. Snøen var fast og fin, så den var grei å gå. På toppen møtte eg han eg hadde sett lenger nede. Dette var ein hytteeigar nede ved Torolmen som gjorde sin 3dje årlige bestigning av toppen, men han var ikkje særleg pratsam så det vart eit kort møte.
Det var same flotte utsikt her som på Svartenibba, men kassa ved varden mangla bok å skrive seg inn i. Tilbaketuren vart lagd om Sletningsbu, for der hadde eg aldri vori før.
Dagens konklusjon: Flott tur og 2 topper.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.