Skruvdalstinden (21.06.2014)
Besteigungen | Skruvdalstinden (1.096m) | 21.06.2014 |
---|
Kjørde inn vegen Moane - Fullsenn heilt innerste til Skogalægeret. Måtte løyse ny bombilett ved Olægeret. Prøvde å finne stig innover mot bua i Skruvedalen, men den var tydelegvis lite brukt, og ikkje god å finne, men eg fann no noko som likna på stig. Tok etterkvart rett over og opp på tinden. Stri kald vind idag, så det måtte på vindtøy etter kvart. Stor flott varde på toppen. Brukte litt over timen hit. Etter ei god kvile tok eg litt beinar vegvalg mot Skogalægeret.
Benutzerkommentare