Storskredfjellet 1814 m i Oppstryn (17.08.2014)
Geschrieben von Eikås (Janne Eikås)
Startpunkt | Åning (250m) |
---|---|
Endpunkt | Åning (250m) |
Tourcharakter | Bergtour |
Tourlänge | 6h 10min |
Entfernung | 15,8km |
Höhenmeter | 1.860m |
Karte |
Besteigungen | Brekkefjellet (1.136m) | 17.08.2014 |
---|---|---|
Storskredfjellet (1.814m) | 17.08.2014 |
Oppstryn har utruleg flott og grøderik natur, her er ganske mange bratte fine fjell i kontrast til Jostedalsbreen og det blå/grønne Oppstrynsvatnet. Fjellet hadde vi høyrt om frå ein rapport som Anne hadde laga så fint i Turlagsavisa. Vi starta frå Åning frå rv 15 ca 3 km vest frå Jostedalsbreen Nasjonalparksenter. Køyrde til ende oppover ein smal svingete veg gjennom ein del gards tun. Parkerte på siste bruket, der det står godt skilta om parkering og betaling. Når ein runda fjøset mot jordet og sti, får ein ei ny skilt påminning om at ingen forbi passering uten att P-avgifta er betalt, så det er grei skuring!! :) Lurte fælt på dette sidan det og sto ein hund i fjøset og bjeffa ganske intenst også etter vi kom ned etter timar i fjellet... Sti er det å følge på vestsida av Åningselva, til ein kjem på eit slags platå og ser Instevatnet og Brekkefjellet 1136 moh mot vest. Ryggen er tydeleg og grei å gå til toppen mot Storskredfjellet. Den store snøskavlen som eg såg på bilda frå Anne sin tur rapport var vekke no. Eit utruleg flott fjellområde i ganske så vill natur :)
Turfølge Johan
Benutzerkommentare
Kein Titel
Geschrieben von JPV100 26.08.2014 07:23Og korleis var låra dagen etter Skålaløpet? ;) Sprekt gjort å ta ein slik tur dagen etter eit hardt løp! Det ser forøvrig ut til å være veldig fin utsikt frå denne toppen!
Sv: Storskredfjellet i Stryn
Geschrieben von Eikås 26.08.2014 20:40Vel..:) eg er heldigvis heldig med att eg ikkje blir så lett støl i beina! det høyrast kanskje litt overdrevent ut...men blir heller litt god trøtt i kroppen :) Hadde meg ei runde no på ein 15 timars tur med ein del høgdemeter og km. Den kjende eg godt i kroppen og beina dagen etter:) Men det hjelper nok stort med fjell tur kvar dag. Håper det blir bra ver på Romsdalseggen løpet, med håp om å få sjå den flotte naturen der oppe undervegs :) Såg rekorden var på under timen...av Ola Hovdenak, det er berre sterkt :) Storskredfjellet er virkeleg flott! også med tanke på det ein får av kontrastar og utsikt:) Når du fartar forbi, er det ein topp du berre må ha med :) Så må du hive deg med att på motbakkeløp :)
Sv: Sv: Storskredfjellet i Str
Geschrieben von JPV100 26.08.2014 21:27Ja, det er ingen tvil om at det hjelp å gå ofte på fjelltur! Kjedeleg å "kaste vekk" dagar på å vere stiv og støl :)
Hovdenak er i ein eigen divisjon, og eg trur ikkje vi skal prøve å samanlikne tidene våre med hans :) Eg har ikkje bestemt meg for Romsdalseggløpet enno. Må sjå litt an veret...viss det er veldig fint so fristar det kanskje med litt større toppar :)