Tisedalshøgda (10.04.2015)
Geschrieben von Iaseim (Ivar Seim)
Starta frå Seimsdalen hjå Jonny Asterheim som var turleiar. Kjøyrde til garden Fornabo i Ofredalen
og snakka med Erik Skogli, som ga oss tips korleis det var best å gå om vinteren.
Vi gjekk oppover til stølen Fagerbu, der det vart litt mat og drikke i finveret. Videre oppover og under Varanosi. Der møtte vi vinden rett i mot. Ved Tisedalsvatnet stilna det, og på toppen av Tisedalshøgda var det blekk stille og ein nydeleg utsikt blandt anna vestover mot Hafslovatnet, og i nordaust Ingebjørgfjellet. Jonny kontrollmålte kor høgt vi var før vi sette utfor att.
Vi tok det med ro nedover og i 17-tida var vi nede att hjå Erik, der vi måtte fortelja om den fine turen.
Benutzerkommentare