Forsøk på VMC Direct, Cannon: Granite state of mind (12.07.2015)
Geschrieben von kobbenes (Kristian Starheim)
Besuche anderer PBE | Cannon Cliff | 12.07.2015 |
---|
Store planar i dag - VMC Direct (9 tl, 5.10-11) er kanskje den stoltaste ruta på Cannon. Phil inviterte og eg, som kjenner meg i slag om dagen, slo til. Sov dårlig i heile natt og vakna med indre bilete av brutale fall og sikringar som poppa.
Eg tok førstelengda (5.7), Phil andrelengda (5.10+) og tok tre fall på crux-overhenget. Då eg fulgte på til standplassen såg eg han ikkje var i toppform. Om det var den harde taulengda eller om det var dei 25 gradene eller noko anna var usikkert.
Eg manna meg opp og tok tredje lengde (5.10+), og klara til mi forbausing å stable meg opp heile det 40 meter høge diederet som er denne lengda. Nydelig og delikat granittklatring heile vegen.
Då Phil, som normalt klatrar hard 5.11 på trad og 5.13 på sport, kom hanglande etter såg vil at vil måtte gi opp draumen i dag. Rappellerte av og cragga litt i staden. Men VMC Direct står for fall!
Benutzerkommentare