Fauskefjellet (26.07.2015)

Geschrieben von reikri (Reidun Kristiansen)

Startpunkt Aase
Endpunkt Aase
Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 1h 11min
Entfernung 4,2km
Höhenmeter 236m
Karte
Besteigungen Fauskefjellet (391m) 26.07.2015

Hadde med meg tre yngre deltakarar på turen. Vermeldinga viste regn, men då vi såg ut vindauget såg vi flott solskinn og fin sommardag. Vi bestemte oss for å ta ein lett tur. Vi starta ved ein gard på Aase, og fulgte traktorvegen som er merka opp på ut.no sitt kart. Det går to traktorvegar opp og vi bestemte oss for å fylgje den som gjekk til høgre. Der denne traktorvegen endte, gjekk vi over gjerde og fulgte ein sti vidare. Då traff vi på ein traktorveg til og fulgte den eit stykke. Til slutt så sikta vi rett på toppen over ei myr og rett i eit skogkratt.
Frå toppen var det flott utsikt mot hestane og flyplassen. Nedatt gjekk vi i litt meir ope terreng og ungjekk skogkrattet. Då traff vi fort på eit traktorspor og fulgte det heilt ned til garden. Då traff vi på den andre vegen som går parallellt med den vi gjekk opp.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.