Ny nærtopp og dei første moltene (03.08.2015)
Geschrieben von bakken59 (Kristin Bakken)
Besteigungen | Goplenuten (891m) | 03.08.2015 |
---|
Goplenuten er ein 100pf-topp oppdaga eg, og sidan det er mange år sidan sist, tenkte eg at eg kunne kombinere med avgrensa tur for hunden og rekognosering etter moltene, sein mogning i år! Gjekk vegen til Stemmen der det flaug opp ei hegre frå kulpen ved vegen. Storslått! Så forbi Jønnardalen og opp til Uppigard Jønnardalen, derifrå mot sud, liten stig oppover, eg kunne nesten følgje den heilt til topps. Må vere sauene som driv og riggar stigar, for annan trafikk ser eg ikkje for meg at Goplenuten er plaga med. Sjølve toppunktet er litt kronglete, for det må vere den store spisse steinen som står inne blant nokre graner. Men mot nordvest er toppen super. Flotte flate berg og utsyn rett ned i Gjevarvatnet og mot Stabbenuten der eg var i går. Og heile rekkja med fjell vest i Vinje bakafor, ikkje mykje snø i Stavsfjell, men i blånane bakafor er det mykje kvitt. Plukka 2-3 dl molter i nokre myrdrag heimover. Brukte vel tre timar på turen, men det inkluderte litt berplukking, og to pratetreff med to tremenningar som eg møtte. 9,5 km, og 303 hm. Uncas var med.
Benutzerkommentare