Mot Råna frå Urke (08.11.2015)
Geschrieben von Eikås (Janne Eikås)
Startpunkt | Haukåssætra (229m) |
---|---|
Endpunkt | Haukåssætra (229m) |
Tourcharakter | Fußtour |
Tourlänge | 5h 26min |
Entfernung | 10,2km |
Höhenmeter | 1.201m |
GPS |
Besuche anderer PBE | Regndalstind sørvesteggen - klyvepunkt (1.350m) | 08.11.2015 |
---|
Det var komt nysnø på toppane frå natt til søndag og den ville komplisere turen mot Råna. Visste at det var eit utsatt punkt på Sørvesteggen på Midtre Regndalstind men vi bestemte oss for å prøve ut toppane allikavel. Mildt og fint etter årstid nede i dalen men det var råsete vind som hvirvla nysnøen der oppe på dei majestetiske tindane. Svaene oppe i Nordkopskaret var glatte, nysnøen hadde lagt seg ned til ryggen ved skaret på ca 1080 moh. Gjekk fint å gå opp til hammaren på sørvesteggen, men det var sleipt, glatt og isete. Det hadde gått med stor forsiktigheit å passere, men på returen ville det være mørkt og då med hodelykt og det var utsatt. Vi bestemte oss for ikkje å ta den risikoen og var skjønt einige om at det kunne bli ein superfin sommertur og då få med dei fine Urkedalstindane. På returen nede i svaene under passet hadde det imellomtid frosset på og det gjekk noko tid å komme seg ned på tryggare grunn. Eit utruleg vilt og flott område som absolutt skal utforskast meir i seinare høve :)
Turfølge Stein
Benutzerkommentare
Kein Titel
Geschrieben von ligroenb 13.11.2015 21:51Kjempeflott område med flotte topper og fantastisk natur!! Vi gikk også den bratte snøflanken opp på ryggen på sommerføre vel og merke ;-)
Herlige bilder, Janne ;)
Geschrieben von arntfla 11.11.2015 08:14Vurderte dere evt. å gå rett opp på eggen istedet for å svinge sørvest utpå egga? Det var den varianten jeg tok og slapp da utsatte partier...
Sv: Herlige bilder, Janne ;)
Geschrieben von Eikås 11.11.2015 18:14Takker Arnt :) Dette er ditt rike :) Vi vurderte den også...men ikkje så lett å sjå, det var heilt marginalt fordi det var så glatt og sleipt. Men eg skal tilbake her...må jo være dei finaste områda og ein får mange høgdemeter frå havnivå, kontrastar, nydelege tindar og pinnakler!