Vi parkerte på Grøtsætra, her var det folksomt og stor påskeutfart. Fekk Vinjar på plass i pulken og fulgte løypene så langt som muleg før vi tok av og gjekk rett sørover mot toppen. Eit par bratte parti opp der. Dvs ikkje bratt, men slik at vi måtte være litt obs med pulken i skråpartia. Kom oss heilt fram til varden med pulken, finfint sidan Vinjar då kunne sitte der heile tida. Han hadde duppa litt av undervegs, og var litt betenkt over alle dei nye folka då han vakna. Men så kom Otto med kyllinglua si og Kvikklunsj og då var det berre velstand. Vinjar skratta som vanleg godt når det blir fart på pulken i nedoverbakkane. Tilbake på Grøtsætra var det innom kafeen og kjøpte kaffi og vafler. Vinjar vekkte oppsikt med kyllinglua som han fekk låne.
Benutzerkommentare
Kylling
Geschrieben von otto 03.04.2016 20:42Tøft bilde av far og sønn som bør henge på veggen i gangen, på stua eller i hønsehuset..
Sv: Kylling
Geschrieben von boven 03.04.2016 21:16Hehe ja det var ein ide. Fine turar var det på Oppdal i påska. Både far og son sette stor pris på det sosiale.