Eid: Maragjølvatna (11.06.2016)

Geschrieben von boven (Ove Lotsberg) GSM

Startpunkt Lotsstøylen (455m)
Endpunkt Lotsstøylen (455m)
Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 6h 30min
Entfernung 9,0km
Höhenmeter 600m
Karte
Besteigungen Revureholten (750m) 11.06.2016
Besuche anderer PBE Maragjølbakken (834m) 11.06.2016
Maragjølvatna (640m) 11.06.2016
boven_20160611_575c4ea3bebf2.jpg

Dagens tur vart ingen topptur, men ein tur over til Maragjølvatna. Ei stund sidan sist eg var der. Parkerte ved fellesfjøsen på Lotsstøylen. Etter ei god stund med sauespekulasjonar frå Vinjar vart han plassert i bæremeisen. Hadde med mykje mat og utstyr i tillegg så vekta var merkbar. Fulgte veien oppover og tok av mot Kinna på ein svak sti ca 680 moh. Herifrå er det lett austover til Maragjølbakken. Der er det varde og trimbok. Skreiv oss inn og brukte lang tid på mat, drikke og tull. Planen var at Lise skulle møte oss ein eller anna plass etter jobb. Dette var enno 2-3 timar til, så for å fylle dagen gjekk vi ned til Maragjølvatna. Her har eg vore mykje før, både fiske og henta dyr frå sommarbeite. Vart sjokkert over den nye kraftlinja som er veldig dominerande her mot Hornindalvatnet. Ved vatna er det og kome opp ei lita bu sidan sist eg var her. 2 sengar og vedovn, men låst. Ringane på vatnet bekreftar at det er fisk her, bør sikkert fiskast mykje. Etter mykje steinkasting måtte vi returnere til varden på Maragjølbakken der vi hadde lagt igjen safta og litt anna utstyr. Det var no skya til og ikkje den store kosen. Gjekk til slutt i møte med Lise. Ho sprang opp og noterte seg i boka, før vi returnerte til Lotsstøylen og enno meir sauetitting.

boven_20160611_575c4e9ba4718.jpg
boven_20160611_575c4ead8a2a7.jpg
boven_20160611_575c4eb48eab8.jpg

Benutzerkommentare

  • -
    avatar

    vinjar-modellen

    Geschrieben von kobbenes 12.06.2016 20:26

    Kona seier at Vinjar ser ut til å vekse ut av Vinjar-modellen snart :-)

    • -
      avatar

      Sv: vinjar-modellen

      Geschrieben von boven 12.06.2016 21:06

      Det nærmar seg. Han går litt, litt i meis og litt på skuldrane. Så blir det ikkje fullt så lange turar i avstand lenger. Meir lange turar i tid. 6,5 timar på 9 km, det betyr ein del kos.

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.