Oddekloven (14.07.2016)
Geschrieben von Arthur_vm (Arthur Midtgaard)
Besteigungen | Oddekloven (972m) | 14.07.2016 19:10 |
---|
Vanskelig å finne startstad. Kjør til Finnes og vidare til Bakkedalen. (kan betale med sms på bomvegen, kr 45). Ta vegen til venstre når du kjem over første brua, kjør til vassbasseng ved enden av vegen og parker der. Gå traktorvegen under straumlinja til ein kjem til ei jakthytte oppe i eit tre. Ta der til høgre opp gjennom skogen og hald lett venstre opp til ryggen. Følg ryggen heile vegen, og du ser ei tjønn i ein dal eit par hundre meter nede på høgre sida. Følg ryggen oppover og når du kjem opp i bratta mot nokre hammarar ta til høgre og hald inne i sida og skrå oppover medan du går framover. Når du når den luftige egga fyl du berre den til topps.
Benutzerkommentare