Skreik meg til topps (16.10.2016)
Geschrieben von Hommpbollen (Tor K. G.)
Besteigungen | Skriki (1.232m) | 16.10.2016 |
---|---|---|
Besuche anderer PBE | Breidesete (600m) | 16.10.2016 |
Klanten (380m) | 16.10.2016 |
Nuvel. Akkurat SÅ ille var det ikkje, sjølv om det likevel var ein vaksen tur på over 1100 høgdemeter i det forblåste haustfjellet.
Første utfordring var å parkere så høgt eg kunne oppmed stien. Det er sjølvsagt ei parkering like over ungdomshuset ved riksvegen, men da tek det lang tid før du kjem til døra - for å seie det slik. Eg fann heldigvis ein plass på nedsida av fotballbana vel 60 høgdemeter lenger oppe. Det får vere måte på kor mange høgdemeter ein skal gå på ein dag!
Elles følgde eg vegen mot høgre fram mot stien (i retning Sogndal). Ein solid mengde bilvrak og ein mannevond hund viser vegen her.
Stien travereserer oppover mot Klanten (kvifor ikkje Kanten?!), og vidare til stølen Breisete.
Herfra ser du rett opp mot Skriki, som er toppunktet på den lange ryggen i norduast. Det burde eg helst visst der eg stod, men det gjorde eg altså ikkje. I staden følgde eg ein sti mot aust innover til ein falleferdig støl like over Svartaberg. Den var ikkje drift. Men dette burde eg vel ha forstått da eg såg retningsskiltet (det var knekt og låg i graset).
Skulle eg gjort noko annleis her i livet, ville det vere å gå rett mot nord og ta Skriki frå motsett side. No såg eg meg nøydd til å gå frå denne stølen, rett nordover gjennom lyng og buskvekst. Det var som å gjennomføre eit bakkeløp i sand. Alle tides! Turen fortsatte innover - og bakanfor - Skriki (gudane veit kvar), til eg endeleg forstod kvar Skriki eigentleg var. Eg må verte betre på å lese kart. I mellom gåinga opplevde eg eit kjekt tilfelle av at hunden stakk av i ein retning, medan sitteunderlaget flaug ein i anna retning. Og så forsvant drikketuten på camel-backen i same slengen. Det er slike ting som gjer det så kjekt å vere i fjellet.Eg kom no til toppen til slutt, etter å ha skrike mang ein god glose fra start til slutt.
Nedatt-turen er det derimot lite å skrive heim om.
Benutzerkommentare