Megrundskampen (14.08.2012)

Geschrieben von bergteken (Sunniva)

Karte
Besteigungen Megrundskampen (1.346m) 14.08.2012
Nørdre Megrundskampen (1.329m) 14.08.2012

Langt på dag bestemde eg meg for å ta ein tur til Megrundskampen. Eg og Marwin reiste difor frå huset hennar bestemor i Espedalen og til Venliseter. Kl var omtrent halv eitt då me gjekk. Kjente at eg var valdsamt stiv i lyskene etter fotballtrening, men vart fort varm oppover den slake lia/bjørkeskogen. Kom over tregrensa, kor eg nådde att to karar som skulle fiske på Megrundstjønn. Ynskte kvarandre god tur vidare.
Oppe på snaufjellet gjekk eg fyrst opp på Megrundskampen, deretter bortom Nørdre Megrundskampen. Gjekk beint ned att på nordvest-sida og trefte stigen eit stykkje nede i lia. Pent, varmt stuttbuksever, god vind på toppane. Jogga nedover bjørkeskogen og var ved bilen att tjue på tre.

Panorama frå Nørdre Megrundskampen. Ruten og Sprenpiggen til venstre. Storhøa og Gråhøa. Espedalen. Trona. Mot Stylskampen, Leppkampen og Ongsjøfjellet til høgre. Nedre Megrundstjønn.
Panorama frå Nørdre Megrundskampen. Ruten og Sprenpiggen til venstre. Storhøa og Gråhøa. Espedalen. Trona. Mot Stylskampen, Leppkampen og Ongsjøfjellet til høgre. Nedre Megrundstjønn.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.

Anzeige