Skarddalstinden & Skarddalseggje (16.08.2012)

Geschrieben von Garm (Gal Krokfot) GSM

Karte
Besteigungen Skarddalseggje (2.159m) 16.08.2012
Skarddalstinden (2.100m) 16.08.2012

Yr.no hadde annonsert siste godværsdagen på ei stund og sidan det har vært dårleg med toppturar på meg i sumar meinte eg at eg hadde fortjent ei siste sjanse. Valget falt på Skarddalstinden og turen over Austre, Vestre og Store Rauddalstindane. Skarddalseggje freista sjølvsagt også men med raudt punkt i bibelen vart den vurdert utanfor min komfortsone.

Så etter ein "shaken and stirred" tur inn til Leirvassbu var det pakkning på ut å gå. Været var upåklageleg og etter omlag to og einhalvtime kunne fyrste seigmannen plasserast på varden til Skarddalstinden.
Været inviterte til litt nytelse og med ingen til å mase om videre vart rævva raskt parkert i solveggen ved muren.
Etter ei stund kom det ruslande ein eldre kar (og her burde fyrste varselklokka ha ringt: ensleg eldre kar på ein topp midt inne i svartaste Jotunheimen) og fortalte han skulle videre til Skarddalseggje. Vel, fortsatt ingen varselklokker som ringte og ein eller anna stad inne blant kortsluttningane mine vart det formulert ein tanke om at om han klarte det så burde vel også eg klare det?
Så da han spurte om eg ville være med videre var svaret enkelt.
Vi la iveg og eg konstaterte sjølvtilfreds at eg enkelt holdt følge med han nedover eggen. Så kom vi til lågaste punktet på eggen...
Vurderte kjapt om vi skulle klive rett opp eller gå litt ut til høgre og inn i renna. Fant ut vi skulle forsøke renna og før eg viste ordet av det så hadde mitt nye turfølge traversert halvvegs over til renna på nokre smale hyller. Eg forsøkte etter men gjekk meg fast og måtte ned 15 til 20 meter for å entre renna lenger nede. Det enklaste her hadde nok vært å gå litt ned frå lågaste punktet på eggen for så å ta seg bort til renna. Bør også nemnast at klatreruta går rett opp etter ryggen.
Renna hadde gode tak oppover så det gjekk greit i byrjinga. Så kom knotepunktet. Geita framfor meg drog seg forbi på null komma niks og eg stod att med lang nese framfor eit lite svaparti med få tak og ein lang rutsjetur.
Såg desperat etter andre veger men det såg svart ut. Løysinga til slutt var at han bandt ei slynge til foten sin som han senka ned til meg. Så fekk eg klore meg fast som best eg kunne mens han drog meg opp.
Det vart kanskje eit halvt minuspoeng der for mangelfull klatreteknikk men etterkvart kom eg meg no forbi. Over vart det enklare og vi fulgte renna opp på ryggen att. Fulgte så ryggen eit stykke og passerte eit svaparti med mykje grus der det hang slynger i overkant.

Over svapartiet gjekk løypa utatt i sørsida og inn i ei ny renne som vi fulgte oppatt til ryggen. Ryggen videre oppover var luftig og interessant. Det mest spesielle punktet var ei tre til fire meterlang blokk som vi måtte jokke oss over.
30 meter før toppvarden nådde eg att turfølge. Sjølv om eg knapt nok hadde sett ryggen hans oppover eggen skulle eg få æra av å entre varden fyrst. Visittkortet mitt vart plassert og vi slo oss til ved varden for å nyte litt sol. Ein liten tår Caol Ila vart det også tid til. :)

Returen gjekk eit lite stykke attende langs eggen før vi brøt av og gjekk ned ryggen mot Storøyre og Langvatnet. Fulgte ryggen eit stykke før vi tok oss ned til breen. Var eit par lause steiner hist og pist nedover sida mot breen men vi kom oss nå ned.

Etter omlag ni timer på tur kunne eit par svært illeluktande sko plasserast på planet (pick up er ein velsignelse) og mjølkeruta hompe utatt Leirdalsvegen.

På grunn av ekstremt treigt nett får det halde med to bilete.

Benutzerkommentare

  • -
    avatar

    Kein Titel

    Geschrieben von Atomsilda 17.08.2012 18:54

    Jasså så du kom deg på tur midt i uka!! Det var ikke verst. Den eggen og den klyvingen opp mot Skardalseggi fra skaret er tøff nok den. Husker den godt. Odd Arne hadde visst "en nær døden opplevelse" da han gikk ned der i vått vær...tidlig i hans tinderanglerkarriere....han trodde ikke han skulle på topptur mer..

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.