Skomakernibba, Øksnafjellet og Lauvåsen (31.08.2012)

Geschrieben von kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Karte
Besteigungen Heiakollen (455m) 31.08.2012
Høgeheia (743m) 31.08.2012
Lauvåsen (563m) 31.08.2012
Skomakernibba (683m) 31.08.2012
Indra Øksnafjellet (685m) 31.08.2012
Øksnanibba (760m) 31.08.2012

Gjekk frå parkeringsplassen på Hagalid på godt merka sti mot Skomakernibba. For å koma ut på sjølve nibba må ein gå ned i en bratt vestvendt skråning i Ulsvigjuvet et par hundre meter sørvest for Skomakernibba. Det er masse vegetasjon og småbjørk men det var stedvis vaiere i fjellveggen til å halde seg i. Var ikke oppgått sti så litt vanskelig å finne vegvalget der det ikkje var vaiere. Siste stykket greit på eggen ut på nibba.
Namnet Skomakarnibbå skal vera etter eit gammalt segn der ein dødsdømd skomaker skulle benådas hvis han kunne sitje på kanten av denne nibba og reparere eit par sko. Han forsøkte dette og då han var meste ferdig såg han eit brudefølge som rodde utover fjorden. Han mista då balansen og ramla utfor og ned i avgrunnen. Det heiter seg og at denne knausen skal rasa ned i fjorden når 7 systrer giftar seg på same dag og ror utover fjorden.
Då står nok Skomakarnibba ei stund til tenker eg.
Etterpå gjekk eg opp til varden på Høgehei som er høgaste punkt oppfor Skomakernibba. Deretter gjekk eg austover til Indra Øksnafjellet før eg gjekk tilbake og opp på Øksnanibba. Derfra bratt ned i vestsida gjennom forholdsvis tett skog og vel nede kom eg inn på en traktorveg frå Hagalid til Låtveit og går et stykke opp mot Lauvåsen. Ellers greit å gå opp til Lauvåsen som har en stor varde. Gjekk så videre sørvestover mot Valaheia og så gjennom skogen det siste stykket ned til høgaste punkt på vegen mot Hagalid. Tok derfra en tur oppom Heiakodl før eg gjekk tilbake til Hagalid.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.

Anzeige