Selje: Mosekleivhornet og Svartehornet + litt anna (08.06.2013)
Geschrieben von boven (Ove Lotsberg)
Besteigungen | Langedalsnibba (498m) | 08.06.2013 |
---|---|---|
Mosekleivhornet (540m) | 08.06.2013 | |
Nobba (508m) | 08.06.2013 | |
Solumskardurda (506m) | 08.06.2013 | |
Svartehornet (475m) | 08.06.2013 |
Då har vi vore innom alle 3 kanalane vi har her i huset. Kongeleg bryllaup i Sverige, Bollywoodfilm og Batman! Altså, takk for at ein har Peakbook! Då er det bedre å skrive nokre ord om dagens myrtrakketur i Selje.
Lise har eit meget anstrengt forhold til kysttoppar, og iallefall om ho får bange anelser om at det er myr med i opplegget. Og det er det ofte. Dagens prosjekt intet unntak. Vi parkerte på høgste punkt ca 290 moh mellom Hoddevika og Drage. Skodda låg tjukk heilt ned i veien og regnet piska på ruta. Lise plotta inn toppane på klokka si før vi tok laust. Merking oppover mot Mosekleivhornet. Etterkvart tok vi av og fulgte GPS til Solumskardurda. Ja noko ur er det iallefall ikkje å sjå der. I høgda var det lett å gå vidare til Mosekleivhornet. For å gjere heile greia litt kort gjekk vi vidare til Svartehornet, Nobba og avslutta med Langedalsnibba. Snodig å bruke nibba om ein myrkolle med areal som ei fotballbane på toppen. Regnet gav seg etter kvart og vi hadde faktisk litt sikt innimellom. På vei heim kjøyrde vi forbi skilting til AustMYR, huffa meg. Prøvde å lokke Lise med på ein bonustopp, MYREhornet 335. Ja svaret sa seg vel sjølv. Då var dette siste tur på Stadlandet pf 50. Manglar enno nokre kollar i Selje kommune + to øytoppar.
Benutzerkommentare