Stokkfonntinden juni 2013 (21.06.2013)  5

Geschrieben von Ingodingo (Inge-Andre Johansen)

Startpunkt Storevasshytta (699m)
Endpunkt Storevasshytta (699m)
Tourcharakter Wanderung
Tourlänge 3h 00min
Entfernung 4,8km
Höhenmeter 506m
Karte
Besteigungen Stokkfonntinden (1.205m) 21.06.2013

Ettermiddagstur attmed Ole Bjørn. Ferdig på jobb kl 14, avgårde 1445 frå Erstad. Bil heilt til Storevasshytta gjorde dette til ein kort tur. Parkerte ved enden av vegen ca 1500. Tåka låg tjukt over heile Storevassgryta og ga ingen lovnad om utsikt. Vi gjekk i tåke på skrått oppover mot botnen under Synnavindsnipa, men uten sikt så vant vi for lite høgde og endte opp med unødvendig klyving opp våte svaberg. Botnen og videre opp var dekt av delvis råtten snø, men vi kunne såvidt skimte Stokkfonnskaret slik at retninga kunne leggast ditover. Vi kom fort inn i tjukkare tåke og gjekk rett på det lille massivet som utgjer Stokkfonntindane. Det gjorde imidlertid ingenting for når vi først såg tindane kunne vi følgje ei bratt snørenne heilt til topps. Klyving i toppområdet. Det viste seg at tåka kun låg i Riksheimdalen og at Hjørundfjorden og fjella på andre sida gav storslagen utsikt. Einaste skår i gleda var litt småregn, så det var å ete nista og gå heimover att. Tåkegrauten var mindre tett på veg ned så det var enkelt å unngå svaberga. Heime rett før kl 19 - ein fin måte å starte helga på

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.