Norddal: Aktivitetsveke, dag 5 (23.07.2013)
Geschrieben von boven (Ove Lotsberg)
Startpunkt | Reindalseter (700m) |
---|---|
Endpunkt | Reindalseter (700m) |
Tourcharakter | Bergtour |
Tourlänge | 11h 00min |
Entfernung | 24,0km |
Höhenmeter | 2.370m |
Karte |
Besteigungen | Femåna (1.540m) | 23.07.2013 |
---|---|---|
Naushornet (1.895m) | 23.07.2013 | |
Naushornet Sørvest (1.848m) | 23.07.2013 | |
Svartegga (1.937m) | 23.07.2013 | |
Svartegga nord for (1.718m) | 23.07.2013 | |
Søre Svartegga (1.866m) | 23.07.2013 | |
Sæterhornet (1.536m) | 23.07.2013 |
Sol på teltduken er god medisin for å kome seg tidleg på beina. Etter dei vanlege frokostrituala var vi klare for nok ein stortur, denne gang sør for Reindalseter. Det er flott rundt denne hytta, men som teltplass var nok Øvre Reindalen mykje bedre, over skoggrensa med mindre insekt og maur. Linda og Kjell Ove kom kvelden før så vi var 5 stk som la i vei. Uvanleg stort turølgje til oss å være. Gjekk på merka sti mot Danskehytta til Daurmålsvatnet. Her tok Torleiv og eg mot Sæterhornet medan dei 3 andre gjekk mot Svartegga. Avtalen var å møtest der. Rekkjefølgja på toppane vart Sæterhornet (Kroksleiven og Boven), Svartegga nord, Svartegga, Svartegga sør, Femåna, Tordsnose (Kroksleiven, Linda og Kjell Ove), Naushornet 1848 og 1895 (Lise og Boven). Rett før Svartegga møtte vi ein kar som var tydeleg glad i akkurat dette området. Svartegga, Naushornet og Tordsnose var toppane sine det. Høgstolen, Karitinden og Pyttegga var no ikkje noko til toppar. Svartegga er rett nok ein riktig flott topp! Lett klyving bortover siste metrane til høgaste punkt. Vindstille og lekkert, ein av årets finaste dagar. Vidare sørover heile egga til vi kom oss ned austover og inn på stien som går nordover og over Femåna. I stidele nord for Femånvatnet skilde vi lag. Torleiv hadde Naushornet frå før men ikkje Tordsnose. Linda og Kjell Ove slo følgje med han. Lise og eg hadde Tordsnose frå før men mangla Naushornet. Avtalen var å gå til Reindalseter utan noko venting. Vi venta ein time på Reindalseter før dei 3 andre kom, dei hadde bedrive bading og fotoøkt på veien. Rakk akkurat ei øl før stengetid.
Angåande primærfaktor på Naushornet SV. Denne er 98 m interpolert, men kotene kan tyde på at den er meir. Vi målte diff topp/skar til 100-101 m. Sannsynlegvis skulle denne vært oppgradert til ein hundringstopp.
Benutzerkommentare