Middagsfjellet (06.10.2013)
Geschrieben von JPV100 (Jan Petter Vad)
Besteigungen | Feskehaugen (986m) | 06.10.2013 |
---|---|---|
Middagsfjellet (1.159m) | 06.10.2013 | |
Middagsfjellet Sørvest (1.087m) | 06.10.2013 | |
Middagsfjellet Sørøst (1.155m) | 06.10.2013 |
Eg starta innerst i Erstaddalen og jogga innover i retning Saufonnholet. Dette er eit svært bratt skar, med utlagte kjettingar og andre sikringar oppover. Ein bør egentlig gå fort her, for det er ekkelt å sjå opp på den stupbratte fjellveggen rett over...og ein veit kanskje aldri når det kan kome ein liten stein nedover...?
Vel oppe kom eg først til Saufonnvatnet, og like etter Middagsvatnet. Ved begge desse vatna ligg det hytter som tilhøyrer Hen fjellstyre, men som er åpne for alle. Her finn ein ovn, ved, gass, sengar, og ellers det ein treng til ei fin overnatting. Turen vidare opp til Middagsfjellet var enkel, og eg var også bortom tre mindre toppunkt. Retur same veg.
PS: GPS`n har tydeligvis rota fælt i Saufonnholet, og eg fulgte sjølvsagt den stipla stien heile vegen.
Benutzerkommentare