Eidskyrkja og Sunndalsnipa (20.10.2013)
Geschrieben von kolla (Kolbjørn Tjessem)
Besteigungen | Eidskyrkja (1.482m) | 20.10.2013 |
---|---|---|
Stabbefjellet (1.108m) | 20.10.2013 | |
Sunndalsnipa (1.396m) | 20.10.2013 | |
Søre Sunndalsnipa (1.366m) | 20.10.2013 |
Mellom Heggjadalen og Osdalen køyrte eg ein bomveg (10 kr) langs nordsida av Grøndalsvatnet til Grøndalsstølen. Herfra gjekk eg i oppgåtte spor i snøen på sti nordvestover forbi Hattemakartjørna og så i lyngterreng opp Lægdene til Stabbefjellet. Så nordover ned i skaret og nordaustover opp den bratte sørvendte fjellsida og så på hovedryggen nordvestover det siste stykket opp til Eidskyrkja. Stor varde på toppen og minst 10 cm nysnø her oppe men såg ingen fotspor i snøen og postkassen var tom så vardeboka var nok teken inn for vinteren. Gjekk så ned den breie søraustryggen til Skarevatnet og tok så fatt på nye snaut 600 hm stigning opp sørvestryggen til Sunndalsnipa. Varde på toppen og det var fleire småvarder ved nokre utsiktspunkt litt lenger nord. Gjekk ned igjen same veg mot Litlevassdalsegga og så på god sti ned Bygdaskaret ned til Grøndalsstølen. Rundtur på 12t korav 10-11t gangtid.
Benutzerkommentare