Rundtur Selje!! (08.02.2014)
Geschrieben von Eikås (Janne Eikås)
Besteigungen | Kyrnosa (450m) | 08.02.2014 |
---|---|---|
Nausane (448m) | 08.02.2014 | |
Tarvaldsegga (645m) | 08.02.2014 |
Lengsel etter storhavet og litt anna enn turar til fjells på skare snø og påtrengt åleinetid!! gjorde valet raskt å vurdere, Selje ligg utruleg flott til ut i havgapet :) Pakka kjapt i bilen fredag ettermiddag og susa avgårde, hadde nokre toppar på planen... men ellers berre nyte hav og området å bli betre kjent! Sidan eg har kjøpt meg "friluftsbil" så måtte eg jo overnatte i den!! Hadde bestemt meg for Tarvaldseggja 645 moh, og det måtte bli å campe ved Selje Hotell og den flotte Selje sanden, måtte jo vere midt i blinken for neste dags turmål. Vakna lørdagsmorgen kl 07.00 av Polske bygningsarbeidarar i full aktivitet like ved, så det var berre å stå opp! Stien gjekk rett ovanfor Selje Hotell merka Risnakken, trappesti til å begynne med opplyst om kvelden. Mykje flott dugnadsarbeid i turstiar og merkingar er gjort i desse områda. 2,20 t tur/retur 9,2 km Starthøgde 4 m Totalstigning 822 m dette inkl Orren.
Nausane 448 moh Start i svingane ovanfor Selje
Tid 39 min Tur/retur 4 km Starth. 239 moh Totalstigning 236 m
Kyrnosa 450 moh
Tid 43 min Tur/retur 3,5 km Starth. 102 moh Totalstigning 380 m
Benutzerkommentare
Bilbestigning!
Geschrieben von boven 09.02.2014 17:18Ser du unnlet å registrere bilbestigning! Flott ved kysten denne årstida.
Sv: Bilbestigning!
Geschrieben von Eikås 09.02.2014 19:17Nei, det blir feil å registrere tur på fjelltopp i bil...for min del :) kjekt å registrere høgdemeter og km for eiga maskin!!! Det var utruleg lett gått terreng no, myrane var frosne! Hærleg med litt variasjon, vore mykje skaretrakk i det siste :) Tenker meg ut fleire turar no framover, mange fine Toppar og så må eg jo bestige Kjerringa til fots :) :) Du har vel snart det meste der ute ? :)