Heimtur og fjellturar i Solund :) (15.04.2014)
Geschrieben von Eikås (Janne Eikås)
Startpunkt | Krakhellemarka v/Dumba (61m) |
---|---|
Endpunkt | Krakhellemarka v/Dumba (61m) |
Tourcharakter | Wanderung |
Tourlänge | 2h 00min |
Entfernung | 9,0km |
Höhenmeter | 658m |
Karte |
Besteigungen | Krakhellenipa (568m) | 15.04.2014 |
---|---|---|
Mednipa (558m) | 15.04.2014 |
Nydelege meldingar til påske :) Savna havlufta heime, då er det berre å hive seg rundt når dei melder så strålande ver :) ingenting å vente med.... her ute er det veret som bestemmer!! Logistikken til Solund er ikkje som på fastlandet, ting tar tid og i høgtidsdagar er det oftast innstillt eller søndagsruter! Viktig å planlegge litt, men det går heilt fint når ein veit :) Så mellom rutene på utover reise frå Jølster, skal det gå med ein fjell topp mellom rutene .....Kan røpe at det gjekk med 10 min ;) Fordi eg måtte nyte utsikta i godveret og ta med Mednipa like ved :) Rota og nede i starten fordi eg fekk ein tlf samtale akkurat der ein bør vere litt ekstra oppmerksom på merkingar.. som mose grodde varder, røde prikker og skilt. Viktig for å komme rett til oppgangen mot skaret til Krakhellenipa!
Merka og varda mot Krakhellenipa
Frå Mednipa 558 moh mot Krakhellenipa og Lihesten
Frå Krakhellenipa 569 moh mot Mednipa
Frå krakhellenipa mot majestetiske Lihesten i nabokommunen Hyllestad
På toppen av Krakhellenipa 569 moh Solunds kommunetopp :) Med Nord Solunds øyer ibakgrunn, og Alden, Værlandet og Bulandet i Askvoll kommune
Ingen ting betre ein å avslutte dagen med eit festmåltid etter reise og fjelltur i Sula :) Nyfiska torsk og pale frå han far sjølv :)
Benutzerkommentare