Første tur på ski over 2000 m (26.04.2014)
Geschrieben von bakken59 (Kristin Bakken)
Besteigungen | Austre Kalvehøgde (2.178m) | 26.04.2014 |
---|---|---|
Midtre Kalvehøgde (2.122m) | 26.04.2014 | |
Vestre Kalvehøgde (2.207m) | 26.04.2014 | |
Kalvehøgde Ø2 (2.088m) | 26.04.2014 | |
Mugna (2.159m) | 26.04.2014 | |
Rasletinden (2.105m) | 26.04.2014 | |
Øystre Rasletinden (2.010m) | 26.04.2014 |
Starta på ski klokka 0915 frå Valdresflye vandrehjem. Strålande sol og vindstille. Isklister frå starten, men fellene kom raskt på. Opp Steindalen og over Raslet, deretter opp til bandet mellom Rasletinden og toppen sør for Mugna. Tok av vestover og var oppom toppen på 2088 før vi rasta og kom til Mugna. Fabelaktig utsikt og framleis ikkje vind. Følgde så løypa bortover langs juvkanten til Austre Kalvehøgde der vi gjekk oppom. Så vidare om Midtre Klavehøgde før vi køyrde ned til der siste klatreetappen byrja opp til Vestre Kalvehøgde. Heile dette strekket gjekk vi med feller. Ikke vind på toppen og fabelaktig ettermiddagssol og utsikt. Tok av fellene etter Austre Kalvehøgde, men dårleg kvalitet i utforkøyringane. Såpass kaldt at det byrja å fryse på att etter som det lei på dagen. Vi gjekk no til Rasletinden der to av oss var oppom før vi køyrde ned til Austre Rasletinden der vi sat i fin kveldssol og åt niste og drakk saft med ryggen til varden. Klokka var då 1800. Nedturen herifrå mot Steindalen var bokstavleg talt ein nedtur. Vi køyrde ned ryggen mot nord, men steinhardt og sporute gjorde turen vanskeleg. Den eine av oss brekte ein stav. Skia måtte av i den bratte lia ned mot Steindalen. Vel nede kom dei på igjen, og vi var framme ved vandrehjemmet kl 2015, 11 timar etter vi starta. Utruleg spektakulær tur, har aldri gått ein slik skitur før! Arne M og Anne M var med.
Benutzerkommentare
Gratulerer og velkommen på PB
Geschrieben von knutsverre 28.04.2014 21:04Takk for sist! Hyggelig å møte deg og dine venner på Valdresflya!
Regner med at du kommer til å få mye glede av mulighetene på Peakbook fremover. Ser frem til nye rapporter og bilder! Hilsen Knut