To toppar og ei stavkyrkje (16.11.2013)

Geschrieben von bakken59 (Kristin Bakken) GSM

Karte
Besteigungen Brånafjell (398m) 16.11.2013

Tog til Skoppum der vi blei møtt av kollega med bil. Køyrde først til Høyjord og inspiserte kyrkja, fin! Låg novembersol frå blå himmel og 12-14 varmegrader.Tok av ved Valmestad, ikkje bom i det som skulle vere ein bomveg, så vi køyrde heilt inn til kjerrevegen som fører opp mot toppen frå austsida. Grei opptur, siste delen småklatra vi litt i berg. Supert utsyn, låg sol på flotte furulegger på toppen. Vi såg nesten heile Vestfold og mot vest låg Skrim. Vi gjekk ned vestsida slik at vi fekk ein fin runde. Deretter vidare mot nord. Tok av ved Kopstadkrysset mot Horten, og køyrde over e18 mot vest. Tok av Kjerranvegen mot Kjerran. Parkerte i siste svingen før garden og følgde kjerreveg med kvite band opp mot toppen. Før det blei heilt tett skog var det eit stykke med bøkeskog der vi fekk fantastisk utsyn mot fullmånen. Skumring og etter kvart mørkt. Med gps gjekk vi fram og tilbake i tette kjerr på toppen, og dekte toppunktet ettertrykkejleg, men fann ikkje postkassa som skulle vere der - for mørkt rett og slett. Nede ved bilen fann vi ein blømande kvitveis i måneskinet. 16. november! Marit og Ingjerd var med.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.