Skåla og Vesleskåla (19.07.2014)

Geschrieben von kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Karte
Besteigungen Skåla (1.127m) 19.07.2014
Skålaksla (1.076m) 19.07.2014
Vesleskåla (900m) 19.07.2014

Kjørte bomveg (20 kr) til Tjørhellhaugen. Derfra var det merka sti sørover, først over nokre blaute myrer og så opp Skållia til Trollvatnet. Der deler stien seg der den eine går opp til hovedtoppen mens den andre går over Skålaksla. Eg valgte sistnevnte og fulgte så stien videre vestover til hovedtoppen. Vardebok på den største varden her. Flott utsikt til Romsdalsfjella i søraust og mot Molde i vest. Nordover var havet synlig mellom toppane. Gjekk ned vestover på sti ned til Skåldalen og så opp på Vesleskåla. Fleire omtrent like høge toppunkt her men det høgaste er nok der varden står. Vardebok her også. Gjekk så nordover på vestsida av Skåldalen. Da eg nådde skoggrensa gjekk eg på skrå nordaustover ned gjennom skogen og kom tilfeldigvis inn på en gjenngrodd kjerreveg opp fra Mausetstra. Herfra ca 1,5 km på grusveg tilbake til parkeringa ved Tjørhellhaugen. Snaut 8t rundtur.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.

Anzeige