Store Trolla (20.07.2014)
Geschrieben von kolla (Kolbjørn Tjessem)
Besteigungen | Store Trolla (1.850m) | 20.07.2014 |
---|---|---|
Store Trolla S1 (1.840m) | 20.07.2014 13:00 | |
Store Trolla S2 (1.837m) | 20.07.2014 13:00 | |
Store Trolla S3 (1.690m) | 20.07.2014 13:00 | |
Store Trolla S4 (1.675m) | 20.07.2014 13:00 |
Hadde gleda meg lenge til å ta denne turen og dette blei dagen eg realiserte den. Pakerte ein snau km nedanfor Hoåsbrekka der det var et stort åpent område på sørsida av vegen som låg i skuggen av store trær. Stien opp brekka byrjar på ein traktorveg til eit kulturbeite. Litt vanskelig å sjå kor stien fortsatte så det kunne godt vore merka her. Ellers var stien stort sett veldig tydelig oppover. Masse modne blåbær langs stien så eg fråtsa i meg det eg klarte. Herligt, og det hjalp mot tørsten for eg hadde kun ein liten skvett vatn med meg for å spare vekt. Vatn var ikkje å finne før eg kom opp til elva ved trimposten på 875 moh.
Her deler stien seg og eg gjekk på vestsida av elva mot Fossbotnin. Her hadde eg ein matpause og studerte fjellsida opp mot Trolla. Det kom tre utlendinger forbi som eg snakka såvidt med. Dei hadde prøvd å kome opp til Store Trolla ved å gå via ryggen på vestsida av breen, men dei hadde måtte snu. Er usikker på om dei hadde vore på Nordre Trolla.
Eg hadde lest turrappotane til "opps" og "JoSo" så eg visste at eg måtte gå opp via ryggen søraust for Store Trolla. Normalruta går visstnok til venstre for svaene, mens eg gjekk rett mot renne nr 2 aust for det store mørke svaet. Litt enkel klyving der den bratner til nederst og så greit oppover til den bratner til igjen. Her gjekk eg over på ryggen mellom renne nr 1 og 2. Her viste det tydelig slitasjespor så eg forstod da at eg måtte vere på riktig kurs. Lenger oppe ender denne ryggen og det går ei god grusrenne på skrå nordvestover opp til sjølve toppryggen. Kunne derfra stort sett følge eggen bortover men måtte ned ca 5 hm med litt utsatt klyving for å omgå ein pinakkel. Derfra greit å følge eggen til topps. Store loddrette stup på vestsida av den litle varden.
Ganske klar luft men en del skyer i aust og sør. Snøhetta var godt synlig og i kikkert lot det seg greit gjere å sjå Glittertind, Galdhøpiggen og Veslpiggen i sør. Blei sitjande på toppen ei stund og nyte utsikten. Hadde forventa det var klatrere som gjekk Trollatraversen på ein så varm og fin dag midt i ferien, men det var ingen å sjå.
Gjekk ned igjen same vegen. Prøvde meg først litt borover mot Søndre Trolla, men den såg så bratt og smal ut eggen opp fra nordvestsida at eg gav opp det forsøket. Gjekk så ned igjen same ruta som opp. Var nede på Hoås igjen etter snaut 12t, korav ca 9t gangtid på ein uforgløymelig flott tur.
Benutzerkommentare
Kein Titel
Geschrieben von imp0z 04.08.2014 20:10Dette så ut som en knallbra tur. Jeg stod å sikla bort på Trolla fra Innerdalstårnet for noen uker siden, denne står høyt på lista over topper som bare må besøkes :)