Heilhornet - Nordland (02.08.2014)
Geschrieben von Eikås (Janne Eikås)
Startpunkt | Heilhornet p-plass rv.17 (110m) |
---|---|
Endpunkt | Heilhornet P-Plass rv.17 (110m) |
Tourcharakter | Fußtour |
Tourlänge | 4h 30min |
Entfernung | 11,8km |
Höhenmeter | 1.120m |
Karte |
Besteigungen | Heilhornet (1.058m) | 02.08.2014 |
---|
Eit artig terreng her oppe i Bindal, til tider kunne det minne litt om min heimkommune Solund. Atter ein fin turdag og Heilhornet såg verkeleg flott og majestetisk ut i naturen den ligg i. Fekk litt assosiasjon om Storehesten i Sunnfjord. Starta ved Hornelva og følgde fin og godt merka sti oppover i lettgått terreng. Mange på tur denne dagen, både liten, stor og firbeinte :) Ikkje så rart med ein så markant og fin topp i området. Vi lurte litt på å ta turen innom Kula 770 moh nabotoppen like ved, men ein del ferjer var i vente oppover mot Alstad. Ein Lørdag var det og mindre ferje avganger gjorde beslutninga grei :)
Det skulle vise seg at vi tok ei grei avgjerd der, då vi kom til Vennesund ferjekai. Gjekk ferja rett og slett ifrå oss, med eit 1/2 min margin.. og det vart over ein time med pause :) Men ein er på tur og godt ver hadde vi, og gleda vart større når Inger Lise drog fram primusen til kaffikoking det vart ei triveleg stund med prat, nistepakke og kaffi av kolsyre vatn!! Faktisk knakande god kaffe :) :)
Turfølge Inger Lise, Otto, Torbjørn og Johan
Fin rapport ligg hos Otto
Benutzerkommentare
Kein Titel
Geschrieben von Øyvindbr 12.08.2014 14:29Vurderte ei toppnatt på denne på veien sørover for snart en måned siden, men været begynte å bli for truende.
Mye uventa flott i distriktet der, Tosenfjorden feks ga assosiasjoner til Lysefjorden pga farge og glatte fjell rundt.
Sv:
Geschrieben von Eikås 13.08.2014 12:32Det vil eg tru måtte bli ein flott opplevelse, på det fjellet :) Burde eigentleg ta seg meir tid til nokre topp overnattingar. Vi strever oss opp, nyt utsikt, matbit ei lita stund og så avgårde igjenn!!! Får ein litt anna ro då, nyte både kveld og morgen stemning :) Det var første turen min så langt opp mot nord..og tenker at dette er områder som må utforskast ein god del meir ja :) Lysefjorden har eg ikkje vore til, men har høyrt at det er ei nydeleg naturperle. Trur ein skulle hatt eit fri år og berre farta Norge på kryss og tvers:) :)
Sv: Sv:
Geschrieben von Øyvindbr 14.08.2014 10:17Liker begge deler, men det ultimate er ei toppnatt. Med tanke på at jeg har gjort dette i 10 år er egentlig 20 toppnetter fint lite å skryte av. Første var på Høgdebrotet, men det var på Austre Leirungstinden det ble så magisk at jeg aldri kan få nok av det.
Et friår har jeg mast om så folk blir lei så lenge jeg kan huske. Norge er for fantastisk til at man bare skal ha 5 uker ferie!
Sv: Sv: Sv:
Geschrieben von Eikås 14.08.2014 21:29Ja,det handlar om å gripe stund og tid, skal ein få realisert det ein vil :) Og dei flotte magiske øyeblikka ein kan oppleve er drivkrafta til å fortsette, ha lyst til å trua på det ein driv med :) Fagre ord :) Ein fjellkar herifrå viste meg dei rette verdiane til å mestre og sette pris på fjellheimen. Seier litt, når ein kjem frå havet og vant med det flate og åpne ;) Einig med deg i siste påstand :)