Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Climbing (3)
- Alpine climbing (1)
-
Other trip (5)
- Expedition (1)
- Kayaking (3)
-
Other winter trip (69)
- Skating (3)
- Snowshoe trip (66)
-
Ski trip (159)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (4)
- Randonnée/Telemark (114)
-
Trip by foot (951)
- Alpine trip (1)
- Hike (506)
- Hillwalk (120)
- Jogging (226)
- Walk (1)
-
Workout (9)
- Treadmill (4)
Peakbook-Friends
Smørbottfjellet 1188
- Date:
- 04.03.2016
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 8.1km
Eit utruleg fint skifjell og eit hærleg nedrenn i Smørbotnen. Ein glipp at eg ikkje stakk bortom Kvasstinden...men samtidig har eg lyst å gå fjella til fots også. Eit spennande og flott område som skal ha fleire besøk!
Nærfjella er dei beste!
- Date:
- 28.02.2016
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 5.2km
Endeleg hadde skodda som har omslutta toppen nokre dagar letta! Nydeleg fin dag med solglytt og total vindstille. Mange hadde valgt å ta familieturen sin på Eikåsnipa denne søndagen, fine spor er det oppover no og ein grei topp også for dei minste. Eit artig topptreff denne dagen! For ein god del av dei som held til rundt alle kantar av fjellet, var tilstades eller hadde vore oppom ein tur. Hærleg å nyte godværet og ha tid til den gode fjellpraten med folk du sjelden ser i ein travel kvardag, både liten og stor!
Morgentur på Eikåsnipa
- Date:
- 27.02.2016
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 5.2km
Mange på tur idag...Ingvald var tidleg ute på morgenkvisten og slapp akkurat unna skodda som hadde lagt seg på toppen! Triveleg med selskap av Erlend og sonen opp til støylen!
Tur nr to og ettermiddagstur på Eikåsnipa
- Date:
- 27.02.2016
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 5.2km
Rastlaus og fantastiske telemarksforhold i pudder, til tross for utfordrande flatt lys på toppen. Ein må benytte anledningen, når ein kan med dei flotte skiforholda som vi har no.
Skoddetur til Eikåsnipa
- Date:
- 26.02.2016
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 5.2km
Det er berre så digg å være på skia igjen! Eventyrleg føre og pudder å renne ifrå toppen tiltross for lite sikt!! Brit Siv hadde brøyta spor til meg før ho farta vidare avgårde til kysten!
Verdens lykklegaste på ski og Eikåsnipa
- Date:
- 23.02.2016
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 5.2km
Det er det dårlige som gjere det gode godt...det er iallefall min livsfilosofi! Og det er hærleg å kjenne på og vite at ein kan sette pris på det som vi tar for gitt i eigen kvardag. Det laver ned med snø, fantastiske ski og naturbilder å sjå overalt!!! Gjekk og småtrakka litt rastlaust og oppdaga nokre fine morgenfuglspor mot Eikåsnipa. Litt på grensa til å teste skia...men det frista å prøve og eg valgte derfor å stappe trugene i sekken med tanke på nedfarten. Fall er ikkje det heilt beste endå...men å gå jamt på motbakke etterkvart, er berre heilt supert. 40 cm pudder ville ikkje være problem, så det var berre hærleg å sleppe seg ned med telemarksvinger i kontrollerte former :)
Eventyrleg tur på Bjørsetfjellet....
- Date:
- 20.01.2016
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 7.4km
Planen min var å ta turen på Eikåsnipa, sidan eg hadde trakka spor kvelden iforkant og er heilt sikker på at det hadde vorte ein eventyrleg tur det også. Men fleirtallet bestemte og Bjørsetfjellet vart kveldens turmål, har ikkje gått den på ski så eg såg fram til den. Ingvalds skiekspress plukka meg opp, Brit Siv og co kom like bak. Då alle var turklar på Parkeringa i Årdalen, hadde selfølgeleg Brit Siv gløymt ein vesentleg turting som fellar!! Men vel og merke alle har kvar sin gong. Heller ikkje Ingvalds skiekspress hadde ekstra fellar til låns, men det er vel heller få som har ekstra sett av desse dyrbare lappane som kostar nesten 2000,- Eg sto ei stund å grubla på kven i nærheita eg kjende som hadde slike fellar, og Helge på Ålhus hadde då opptil fleire sett og vi >>>
Løypetrakking til Eikåsnipa
- Date:
- 19.01.2016
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 4.3km
Med 35 cm nysnø er det fint å få lage nokre spor til toppen, noko forkjøla så greit å ta det med ro. Fantastisk føre å renne ned att i og det var akkurat nok til å køyre Telemarksvinger i skogsvegen!
Snønipa
- Date:
- 09.01.2016
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 22.2km
Eg og Geir Arne har lenge snakka om å få til nokre fjelldagar i Jølster! Endeleg laga det seg ein muligheit for alle og jammen på tide etter snart 6 års bekjentskap å få til eit Jølster besøk :) Nydeleg ver var det meldt denne helga, litt snøfattig var det men det stoppar jo selfølgeleg ikkje toppgleda..;) Planen var å gå på Snønipa søndag ilag med Joar og Geir Arne. Men av ulike orsaker vart det ein rask bestemmelse om tur på lørdagen istadenfor. Etter ein 1/2 time pakking, ein rimeleg hektisk frukost og vi var turklar. Det var jo meldt ganske så kaldt denne dagen...men sidan innlandskrabben er vant med den temperaturen var det ikkje så mykje å lure på, verre var det for oss kystsamane!!! Joar som bur nærmast var komt inn litt før oss og starta turen oppover i roleg >>>
Sanddalsfjellet til slutt :)
- Date:
- 04.01.2016
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 8.8km
Lite snø i fjella og ski lysta stor og vi er nesten einig om kor grensa går på skibæring....eit lite sprik er det kanskje..!! ;) :) Det enda med ein biltur rundt Jølstravatnet før vi bestemte oss for Sanddalsfjellet i Sandalen. Vi hadde også rukket ein tur innom det nye heimebakeriet "Erketunet bakeri" i Gjesdalen på Vassenden og kjøpt mange gode boller til turen :) Superfin tur ilag med Brit Siv