Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Småtoppar i Stryn

Date:
08.10.2014
Characteristic:
Hike
Duration:
1:36h
Distance:
11.0km

Passeleg kveldsrunde på Svarstadveten og Hogden i skodde og regn..

Map    

Fin rundtur i Helgheimsdalen

Date:
07.10.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:47h
Distance:
15.8km

Hadde tenkt meg ein tur på Brekkefjellet 1174 moh ved Vasskaret ein liten snartur...men av ulike årsaker vart det ein flott rundtur via Vardefjellet og Langebottnegga. Nydeleg ettermiddag med fine haustfargar å nyte og små pyttane hadde fått sine flotte isformasjonar. Tørt og fine forhold til å småjogge, med ein god del hopp undervegs....Definitivt Lemen år i år!!! Helste på ikkje mindre enn 14 stk på rundturen min...og lite vennleg innstilt var dei til å helse på ein fredleg trimmar...Sistemann greidde heldigvis å gi eit godt siste inntrykk, den var faktisk litt søt der han prøvde først å gøyme seg, men litt nyfiken måtte kike på meg med søte runde auger :) Superfin rundtur i klar haustluft

Map    

Høgefjellet på Lote

Date:
04.10.2014
Characteristic:
Hike
Duration:
2:00h
Distance:
8.0km

Fin tur på Høgefjellet med Lise og Vinjar. Vind og 19 varmegrader idag Frå Høgefjellet 1022 moh med flott utsikt utover Nordfjorden

Map    

Storskredfjellet 1814 m i Oppstryn

Date:
17.08.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:10h
Distance:
15.8km

Oppstryn har utruleg flott og grøderik natur, her er ganske mange bratte fine fjell i kontrast til Jostedalsbreen og det blå/grønne Oppstrynsvatnet. Fjellet hadde vi høyrt om frå ein rapport som Anne hadde laga så fint i Turlagsavisa. Vi starta frå Åning frå rv 15 ca 3 km vest frå Jostedalsbreen Nasjonalparksenter. Køyrde til ende oppover ein smal svingete veg gjennom ein del gards tun. Parkerte på siste bruket, der det står godt skilta om parkering og betaling. Når ein runda fjøset mot jordet og sti, får ein ei ny skilt påminning om at ingen forbi passering uten att P-avgifta er betalt, så det er grei skuring!! :) Lurte fælt på dette sidan det og sto ein hund i fjøset og bjeffa ganske intenst også etter vi kom ned etter timar i fjellet... Sti er det å følge på vestsida >>>

Map     3 comments

Skåla løp 2014

Date:
16.08.2014
Characteristic:
Jogging
Duration:
3:00h
Distance:
16.4km

Vorte nokre år på Skåla, etter at min onkel utfordra meg i 2011, årets hovedløp er det og ekstra kjekt å delta når det er vorte så internasjonalt og etterkvart godt kjent for utanlandske utøverar også. Spesielt blir det med Hotel Alexsandra, festmiddagen og den høgtidlege premieutdelinga der om kvelden som ramme rundt. Ekstra kjekt denne gangen var det at Johan og Arnt deltok for første gang, og med kjempetider begge to :) Anne skulle ha vore med, men skada seg i siste stund. I år var det nesten heilt opptimal løps temperatur. Litt kaldt på slutten, der det var antydning til snø i lufta. Så eg stivna noke på siste del! Fekk ikkje teke topp bilde denne gangen, det vart rett og slett kjempekaldt!! til tross for varme klede med. Har eit lite problem med temperatur reguleringa... >>>

Map    

Tur innom Lote

Date:
15.08.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:19h
Distance:
9.5km

Ferdig på jobb litt tidlegare, berre å komme seg avgårde på tur :) I år så hadde eg tenkt å ikkje reise på direkten tidleg lørdagsmorgen til løpet på Skåla. Alltid komt i siste stund på dei andre løpa. Så no gledde eg meg til å køyre om Nordfjoreid til Stryn, og legge inn eit turbesøk til Fam Lotsberg. Sakna lille Vinjar gut:) mine to er vaksne etterkvart ;) Det vart ein passeleg fin tur på Svartegga. Ove var komt frå skulen, då vi kom att frå tur. Så vart det litt tid til ein god kopp kaffe og "litt" fjellprat før ferden gjekk vidare :) Turfølge Lise og Vinjar

Map    

Motbakkeløp Eggjenibba 1338 m

Date:
27.07.2014
Characteristic:
Jogging
Distance:
9.2km

Mitt andre løp på Eggjenibba, ein markant og flott fjelltopp på Byrkjelo i Gloppen. Den ligg flott til som eit landemerke i forkant av Våtedalen frå Byrkjelo og er absolutt verdt eit besøk. Det har vore ekstremt trykkjande og varmt med mykje torever dei siste dagane. Så når dei melde overskya på løpsdag, så var det med glede. Men på Byrkjelo skein sola som aldri før frå tindrande blå himmel.. og ved start kl 12.00 var gradestokken kom til 30 grader pluss... ikkje akkurat draume forholda til 1200 stigningmeter på 4,6 km. men ei trøyst, likt for alle :) Så kunsten er vel berre å ha is i magen, starte roleg og køyre sitt eget opplegg! Det vart eit varmt og krevjande løp, stilleståande varme ganske så langt opp mot topp ryggen.. og i sånne stunder lurer ein verkeleg på >>>

Map     8 comments

Daurmål og Blåfjellet

Date:
23.07.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:04h
Distance:
20.9km

Meldt litt regn til helga, så tenkte eg ville ta ein nærtur og då få med ryggen mellom Blåfjellet 1318 moh og Daurmål 1445 moh. Ser opp på den kvar gong eg fartar gjennom den ville og grøderike Våtedalen. Så no berre bestemte eg meg for å ta turen :) Tok av på Reed og køyrde mot Årdal. Her går det bomveg Årdalstøylsvegen kr 50 pluss fire grindar å opne til endest opp til støylane ;) Starta frå Årdalstøylen og gjekk til Rådastøylen og Seimsstøylen, kun eit kjæreste par på Råd støylane å treffe ... mykje molter å sjå undervegs på turen, men gav meg ikkje tid å plukke idag. Gjekk rett opp frå støylane mot Blåfjellet, såg bratt ut men greit, ganske tørt no! Så ei fin rute å gå, ellers blir det noko lengre om ein følger sti som er merka på kart rundt og >>>

Map     3 comments

Morgentrim til Årheimsfjellet

Date:
17.06.2014
Characteristic:
Hike
Distance:
16.1km

Det vart ei overnatting på Stryn skisenter etter ein noko seig retur heimover med kolonnekøyring og venting på at tunnelvasken i Strynefjell tunnelane skulle ta ende.... Kl var blitt 02.30 Gjeeesp!!! Stille og fredeleg var det på Stryn skisenter! kan anbefalast ;) :) For å våkne skikkeleg til siste etappe heim før jobb, tenkte eg det var greit med ein liten morgentrim. Lenge tenkt å ta turen oppom Årheimsfjellet og denne gongen passa det fint. Ein kan og gå frå Stryn sentrum, ein litt kortare tur skal det være sagt!! Køyrde til Oppheim, godt skilta til Årheimsfjellet. Her er det no full drift med skogrydding med hogstmaskiner til det nye veganlegget opp til fjellet Hoven. Der skal det komme eit nytt bygg/restaurant ved Via Ferrata med gondolbane, fekk eg fortalt av grunneigar >>>

Map    

Treningstur til Skjorta

Date:
15.06.2014
Characteristic:
Jogging
Duration:
4:30h
Distance:
22.3km
Map