Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Husefjellet i Solund

Date:
30.09.2016
Characteristic:
Hike
Distance:
1.3km
Map    

Middagshaugen/Fjærland

Date:
10.09.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
2:27h
Distance:
7.0km
Map    

Stetinden 2020 & Stehøe i trollsk skodde og nysnø!

Date:
03.09.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
5:00h
Distance:
13.3km

Alt har sin sjarm etter min smak! Det er utruleg flott å vandre opp mot toppane i ruskevær, om ein då er skodd for vær og føre. Det er fantastisk fint å være tilstades, oppleve og sjå naturen kledd i ulike kapper og stemninger. Eg synast det er fantastisk fint å nyte desse toppane under sånne omgivelser i total stille uten å treffe ei einaste sjel! :) Ein nydelig åleinetur.

Map    

Kinnfokfjellet/Luster

Date:
01.09.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
3:10h
Distance:
18.0km

Tok av vegen litt etter Lustrabui bakeri mot Skjolden til Dalsdalen. Deretter til høgre i krysset mot Berge 2,5 km og opp ein bratt men god grusveg. Tre stk parkeringsplasser i gardstunet til turbesøk. Derifra merka sti til høgre gjennom eit nytt gardsdtun og vidare opp ryggen i god sti. Halve turen opp til Børesteinen hadde eg fantastisk utsikt, utover nydelige Lustrafjorden. Resten av turen gjekk i skodde og etter gps.

Map    

Fanaråken opp

Date:
06.08.2016
Characteristic:
Jogging
Distance:
16.8km

Etter ei heftig regn natt i telt, var det berre lett yr og skodde som dreiv ved konkurransestart kl 11.00. Løpsværet var ikkje så aller verst! Raskaste dame vart Annie Bersagel 1.09.34 og for menn Joel Dyrhovden på 1.00.50 http://www.kondis.no/annie-bersagel-og-joel-dyrhovden-vann-fanaraaken-opp.5896077-127693.html

Map    

Skagastølsdalen

Date:
05.08.2016
Characteristic:
Jogging
Distance:
5.7km

Reiste til Turtagrø etter jobb, ved rask bestemmelse på å springe Fannaråken opp. Eg burde jo ha eit løp denne sesongen før Skåla, som skulle gå helga etterpå. Meldingane for helga var ikkje noko særleg og motivasjonen var sånn passeleg. Sjølv om eg endeleg var restituert etter operasjonen i vinter. Kom inn til Turtagrø og det var mykje igjen av kvelden, bestemte meg for å ta ein lett joggetur inn Skagastølsdalen. Litt folk var det å treffe på tur, men få telt og ganske roleg! Fint å sitte ei stund inne ved Skagadalshytta og nyte stilla før retur til telt.

Map    

Treningstur på Hesteggi

Date:
23.06.2016
Duration:
1:19h
Distance:
8.2km

Map    

Travers ifrå Meneseggi til Melsnipa - Sogndal/Balestrand

Date:
18.06.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
8:30h
Distance:
21.8km

Nydelige værmeldinger for denne helga også og då vil jo eg reise overalt!! Det står ikkje på ambisjonane! Men det skrumpar inn ilag med vissheita, om at døgnet ikkje har meir enn 24 timar. Starta forslaget så fint med ein nær topp i Jølster til Kvannefjellet nord 1712 moh Min siste Jølstratopp i samlinga. Men det passa dårleg for dei spurte denne gongen. Kvasshornet i Bremanger og Hawaii stemning på Grotlesanden vart det neste forslaget! Men sidan det atter igjen vart eit nytt trafikk uhell i ein tunnel der ute, så vart det også raskt skrinlagt. Tilslutt vart det bestemt at vi går for Melsnipa og det har vore tenkt som tur i nokre år. Iløpet av 5 min vart det bestemt med turstart i frå Meneset. Litt for laangt ut på dag kl 11.30 men så var vi omsider turklar. Ein kar stoppa >>>

Map     4 comments

Laviksåta

Date:
16.05.2016
Duration:
1:06h
Distance:
3.4km

På veg tilbake til Førde, etter nokre nydelege dagar heime i Solund. Har sett nokre ganger på Laviksåta og denne gangen passa det så fint i godværet. Dette er absolutt ein nydeleg utkikstopp å skue mot øyane vest i havet som Solund, Lihesten i Hyllestad og Sognefjorden.

Map    

Husefjellet i Solund

Date:
15.05.2016
Characteristic:
Hike
Distance:
1.3km

Nydelege dagar og lyse døgn, etter ei fin fjellrunde dagen føre på fastlandet i Solund. Var det ei behageleg ro i teltet på Tangeneset med havdønningar, solnedgang, siste toppar i minnet og ei god bok av Jon Krakauer super hærleg. Eg vakna tidlig neste morgon kl 06.00 og det var berre å pakke saman teltleiren og russle avgårde. Hadde avtale med far min om å hente på Hersvikbygda kl 10.00 Så eg hadde god tid til å suse rundtomkring! Ein liten snartur rakk eg då på Husefjellet...

Map