Nordaust for Bukkeholstind V3 (10.09.2011)
Ascents | Midtre Bukkeholstinden Vest (2,135m) | 10.09.2011 |
---|---|---|
Midtre Bukkeholstinden Øst (2,154m) | 10.09.2011 | |
Store Bukkeholstinden (2,213m) | 10.09.2011 | |
Søre Bukkeholstinden (2,058m) | 10.09.2011 | |
Vest for Søre Bukkeholstinden (2,015m) | 10.09.2011 | |
Sørøst for Store Bukkeholstinden (2,045m) | 10.09.2011 | |
Bukkeholstinden V1 (2,166m) | 10.09.2011 | |
Bukkeholstinden V2 (2,166m) | 10.09.2011 | |
Bukkeholstinden V3 (2,161m) | 10.09.2011 | |
Nordøst for Bukkeholstinden V3 (2,090m) | 10.09.2011 | |
Bukkeholstinden V4 (2,166m) | 10.09.2011 | |
Ø1 for Søre Bukkeholstinden (2,050m) | 10.09.2011 | |
Ø2 for Søre Bukkeholstinden (2,035m) | 10.09.2011 | |
Ø3 for Søre Bukkeholstinden (2,005m) | 10.09.2011 |
Denne dagen hadde potensial…
Starta frå Leirvassbu 07.30 og turen gjekk raskt innover Kyrkjeglupen.
På grunn av laus og glatt ur sank tempoet litt etter at vi byrja på bakkane oppover mot Søre Bukkeholstind. Kryssa nokre graskledde sva før vi kom til fyrste bergepallen som M&S klatra rett opp mens eg omgjekk den over nokre glatte og mindre trivelege sva mot nord. Samtidig letta morgontåka og vi fekk eit prektig syn utover Hellstugutinder, Urdadalsryggen, Visbre og Semmelholstinder.
Turen fortsatte oppover og etter ei stutt etappe med enkel kliving stod vi på den fyrste av Aust for Søre Bukkeholstindane (merka Ø3 for Søre Bukkeholstind i bibelen). M&S klatra rett ned hammaren frå denne mens eg omgjekk den på sørsida og slik fortsatte det på Ø2 også.
På Ø1 måtte også M&S til pers og omgå den. Snø i nordhellingane hjalp til på den avgjerelsen. Søre Bukkeholstind var den neste på lista men videre nedover frå den fekk vi ein god forsmak på kva som skulle koste oss ein god del tid iløpet av dagen, snøen. Tok oss ned den snødekte ura skritt for skritt og kom til slutt ned til Vest for Søre Bukkeholstind. Denne omgjekk vi med ein kjapp svipptur ut på breen.Ryggen videre bortover var tildels luftig, men grei heilt til eit hakket rett før Store. Litt Bambi på holka ned hakket, ein stutt egg og nokre meter med grei kliving så var resten av turen opp til Store plankekøyring. I hakket møtte vi forøvrigt den einaste andre tinderanglaren på traversen denne dagen, ei sprek trønderjente som gjekk turen motsatt veg åleine.
Nordsida av Store Bukkeholstind er sikkert grei nedover på turt sumarføre men med eit lite melisdryss på vart det litt meire krevande.Eggen videre var nok den luftigaste delen av turen.
Etter å ha tatt oss ned att frå eggdelen gjekk Midtre Bukkeholstindar kjapt unna. Også Bukkeholstind V1 og V2 gjekk utan problem, litt knoting ned frå V2 på grunn av snø før vi endeleg kunne sette inn støtet mot dagens hovudmål: Nordaust for Bukkeholstinden Vest 3! Det vart imidlertid lite tid til å nyte triumfen, mørke skyer i horisonten og ei raskt nærmande skumring jagde oss videre over Bukkeholstind V3 og litt kliving opp til V4. Frå lågaste punktet på eggen etter V4 slapp vi oss ned til Søre Illåbrean og fulgte deretter brekanten ut.Undervegs hadde vi nokre forsøk på å fylle breglepper med stein/rassikring for seinare turister…
Illåa vart enkelt kryssa rett nedanfor bretunga før vi fulgte Illåskardet ut og ned til ventanes bil ved Geitsetra. Det var ingen som var lei seg over å slippe å gå vegen innatt til Leirvassbu…
På vegen ut Illåskardet meldte svolten seg for alvor og dølske diplomatiske evner på statsmannsnivå måtte per telefon til å bestille middag på overtid. Turen vart difor avslutta med ein betre treretters på Leirvassbu. Ei perfekt avsluttning på ein perfekt dag.
At tsjekkerane hadde dratt så eg fekk firemannsrommet for meg sjølv skada heller ikkje...
User comments
Flott tur
Written by SÅH 15.09.2011 19:52Kor lang tid tok turen fra Leirvassbu til Geitsetra?
Lang tur..
Written by Atomsilda 15.09.2011 08:25Tenker på denne turen som det "Store Bukkerittet"!!! Hva med de Nørdre Bukkeholstindene og Bukkehøe mm ;) ?
Sv: Lang tur..
Written by Garm 15.09.2011 19:57Tja, kva med dei? Dei ligg der dei... :)
Og angåande Bukkehøa: http://peakbook.org/index.php?module=index.tours.view&id=3251
SÅH: Omlag 13,5 timer.
Fine bilder
Written by 500fjell 15.09.2011 00:07fra Bukkeholstindane! Vekker gode minner fra min tur over der i 2009 :)