Gråhøe i Reinheimen (28.01.2012)


Map
Ascents Gråhøe i Reinheimen (2,014m) 28.01.2012

Martine & Signar (Signar Andre Nilsen) byrja å gå tom for enkelt tilgjengelege 2K topper og i den forbindelsen vart blikket vendt mot Reinheimen og Gråhøe i Reinheimen. Dei fleste turrapportane frå desse strøka fokuserar mest på laaang innmarsj og begrensa alpint landskap. Turstemninga var difor ein anelse avmålt og toppen i stor grad sett på som ein nødvendig onde for å få fullført ei viss liste.
Litt frustrerande for meg som kjenner Lordalsområdet frå tidlegare etter å ha jakta litt der og difor trivast godt der men sånn er det no ein gong. Dagen ga meg dessuten ei lita oppreisning skulle det vise seg.

garm_img_2158.jpg
Parkerte ved Billingen og la i veg litt før åtte. Hardt skare/skavleføre gjorde det enkelt å gå innover. Kryssa Torda på bru og gjekk opp på vestsida av Store Føysa. Etterkvart kryssa vi også Store Føysa og fulgte Skarvedalen rett austover. Hardt og raskt føre innover.
Morgonstemning innover Skarvedalen
Morgonstemning innover Skarvedalen

Gjekk opp skaret mellom 1908 toppen og Gråhøe. På veg opp fekk vi også eit knallmotiv av 1908 toppen så eg tok ein avstikker bort for å posere litt. Diverre hadde ljosforholda endra seg radikalt til eg rakk fram så bileta vart ikkje så bra som dei burde.

Det blåser på toppen.
Det blåser på toppen.

Videre mot toppen møtte vi ein kald og gusfsat vind. Skydekket la seg også over toppane i nabolaget så utsikta vart litt begrensa. Litt mat og nokre foto på toppen og vi hadde fått meir enn nok. Fellane vart vrengt av og vi fulgte skispora våre nedatt. 1945 toppen vart vurdert men nedstemt.
Studerte litt terrenget frå eit tidlegare forsøk der eg hadde snudd på grunn av ”white out” og kunne konstatere at forsøket hadde enda berre snaue 100 meter frå toppvarden. Lang tur å gå oppatt berre for manglande 200 meter tur/retur. :-D
Hard og jamn skare nedoveratt ga grei køyring. Gjekk raskt nedoveratt til Skarvedalen der vinden løya og sola tok fram att påskestemninga.

Etter omfattande syting over høgt tempo og manglande pauser i tidlegare turrapporter vart ei nesten to minutter lang solpause motvillig innvilga rapportforfattaren under denne turen.
Etter omfattande syting over høgt tempo og manglande pauser i tidlegare turrapporter vart ei nesten to minutter lang solpause motvillig innvilga rapportforfattaren under denne turen.

Nokre stavtak seinare sto vi atter på vestsida av Store Føysa og no gjensto berre sida ned mot Billingen i svært flatt ljos. M&S kom seg greit ned sida og tiltross for gjennombruddsføre for meg kom også eg unna med berre eit par fall og eit par tydelegvis svært fornøyelege oppvisninger av manglande skiteknikk…

Oppsumert: ein fin dag i fjellet og Gråhøe står ikkje langt tilbake for mange andre meir kjente topper.

User comments

  • -
    avatar

    Berre lekkert

    Written by mortenh 02.02.2012 21:08

    Det øvste bilde med Signar'n som studerer kart i silhuett er nå barre lekkert da. Et stilrent, stemningsfullt og vakkert fjellmotiv synes jeg.

    • -
      avatar

      Sv: Berre lekkert

      Written by Garm 02.02.2012 23:23

      Ta denne med eit par klyper salt og ei solid dose skepsis, men eg trur kanskje du kan slenge på ein "gratulerer med dagen" til han i dag også.

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Berre lekkert

        Written by Øyvindbr 04.02.2012 10:35
        • +
          avatar

          Sv: Sv: Sv: Berre lekkert

          Written by Garm 08.02.2012 22:48
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.