Archive - Date
Archive - Activity
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Glittertind og omegn
- Date:
- 04.03.2012
Møtte opp ved innkøyringa til Visdalen kvart over sju. Martine og Signar (Signar Andre Nilsen) var litt forsinka så eg rakk ein liten lur i bilen mens eg venta. Ved M&S ankomst vart RollsRoycen min foretrukket til videre transport innover Visdalen. Køyrte inn til Spiterstulen for å betale bommen men etter altfor lang tid med bjelleringing i resepsjonen antok vi at dei ikkje var interessert i våre penger. Så var vi etterkvart klare for dagens mål, Spiterhøe og kanskje også Leirhøe .
La i veg oppover lia. Lite snø men vi fekk tråkla oss oppover i kraftig sønnavind. Ved skaret forbi Skautkampen tok vi ein lang diskusjon om turmåla for dagen. Hard sønnavind gjorde Glitter-Rundhøe , Glittertinden , Vestre Glittertindoksle og Sør for Vestre Glittertindoksle til eit betre alternativ. Alle var forsåvidt enige men det måtte likevel ein lang diskusjon til før Spiterhøa vart kasta.
Kryssa raskt Skautflya og opp gjennom >>>
Høg og Midtronder
- Date:
- 11.02.2012
Fekk ein telefon torsdagskvelden av Signar (Signar Andre Nilsen) som, overraskande nok, ville på topptur. Hadde egentleg andre ting på tapeten men etter ein god del masing og ei solid dose trusler vart eg tilslutt overtalt til eit forsøk på Høgronden, Midtronder og Digerronden laurdag. Hadde vitja alle tidlegare men det er fine topper og vinterbestigning er ofte finare enn sumarturer så eg hang ikkje med hovudet av den grunn.
Yr.no skapte litt tvil i gruppa utover fredagen med tvilsomme værvarsel men loddet var kasta og litt over sju laurdagsmorgon gjekk avmarsjen frå Straumbu. Bomma litt på sumarløypa innover og rota oss bort til ei lita kløft. Fekk raskt bange anelser da eg vagt erindra tidlegare turrapporter frå dette området der nokon hadde surra rundt fleire kilometer for å koma over leie kløfter >>>
Gråhøe i Reinheimen
- Date:
- 28.01.2012
Martine & Signar (Signar Andre Nilsen) byrja å gå tom for enkelt tilgjengelege 2K topper og i den forbindelsen vart blikket vendt mot Reinheimen og Gråhøe i Reinheimen . Dei fleste turrapportane frå desse strøka fokuserar mest på laaang innmarsj og begrensa alpint landskap. Turstemninga var difor ein anelse avmålt og toppen i stor grad sett på som ein nødvendig onde for å få fullført ei viss liste.
Litt frustrerande for meg som kjenner Lordalsområdet frå tidlegare etter å ha jakta litt der og difor trivast godt der men sånn er det no ein gong. Dagen ga meg dessuten ei lita oppreisning skulle det vise seg.
Parkerte ved Billingen og la i veg litt før åtte. Hardt skare/skavleføre gjorde det enkelt å gå innover. Kryssa Torda på bru og gjekk opp på vestsida av Store Føysa. Etterkvart kryssa vi også Store Føysa og fulgte Skarvedalen >>>
Storivilen, Moldulhøe & Hesthøe
- Date:
- 22.01.2012
Klokka var litt over sju om morgonen og vi hadde lasta over ski, utstyr og personell til min bil for videre transport innover mot Lundadalen. Etter eit parhundremeter hjalp det imidlertid ikkje lengre med firehjulstrekk. Bilen vart parkert på stor oppbrøyta plass og skia spent på.
Fulgte skiløype nokre hundre meter til vi kom til ein skogsveg som kryssa oppover langs Lenda. Vant raskt høgdemeter til skogsvegen brått enda litt oppi lia.
Videre oppover var det vassing i pudder.
Signar (Signar Andre Nilsen) & Martine hadde berre stuttfeller og valgte difor ski på sekk forbi det brattaste partiet. Etter om lag 600 høgdemeter var vi endeleg oppe over skoggrensa og kunne ta ein kikk på to av dagens turmål, Storivilen og Moldulhøe .
Nordsida av Storivilen såg svært steinate ut så vi gjekk opp på vestsida av Lendholet. Turen oppover var ikkje >>>
Hjerskavlen
- Date:
- 07.12.2011
Bestemte oss etter jobb for å ta ein gåtur innpå Hjerkinn. Køyrte sørover E6 over Dovrefjell da Hjerskavlen dukka opp og introduserte seg som eit sjølvsagt turmål. Parkerte bilen og la i veg ved nitida. Hadde gløymd hovudlykt men månen kompenserte til gagns. I byrjinga var det vassing i lyng og snø til knærne, men når vi kom opp på sørvestryggen var det avblåst og for det meste bar mark. Stort sett skyfrie forhold bada Snøhetta, Stor Stygge, Kolla, Knutshøer og ein drøss andre topper i måneljos. Diverre låg kamera att på brakka... Etter ein kjapp marsj (med innslag av springmarsj) nedatt viste klokka 22.20 ved ankomst til bilen.
Soleibotntindtur
- Date:
- 12.11.2011
Byrja frå parkeringa ved Tverrelvi rett før åtte saman med Martine og Signar (Signar Andre Nilsen) . Planen var Store, Søre og Nørdre Soleibotntind.
Brukte ein time og tre kvarter opp til Store på hardt skareføre. Brukte taug ned i skaret til Søre. Lurte litt på vegen ned, fant nokre varder her og der men vinterføre gjorde sumarruta kronglate. Sikra med taug opp mot Sørøst for Store frå skaret. Kjapp visit på Sørøst for Store før vi drog videre mot Søre. Steggjern og isøks ivrigt brukt bortover sida, lett lite klivepunkt ned eit hakk rett før store. Så relativt enkelt opp til Søre.
S3 vart dumpa denne gongen da den ikkje ein gong oppfylte pf10 krava.
Kaldt og surt i Hurrungane i dag så solpausa vart stutt. Gjekk attende og tok to rapeller ned i skaret langs vardane. Fyrst nokre meter med frikliving opp mot >>>
