Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (13)
-
Other winter trip (6)
- Snowshoe trip (6)
-
Ski trip (174)
- Backcountry skiing (10)
- Cross-country skiing (148)
- Randonnée/Telemark (16)
-
Trip by foot (203)
- Alpine trip (6)
- Hike (44)
- Hillwalk (134)
- Jogging (16)
- Walk (3)
Peakbook-Friends
Gravolskampen og Sandhaugen
- Date:
- 24.08.2019
Laurdagsturar med Kristine. Vi køyrde forbi Beitostølen og parkerte ved Båtskardstølen. Derifrå følgde vi godt råk mot Gravolskampen. Vi tok av frå råket for å gå på Oledalsbrynane. Vidare derifrå gjekk vi rett mot Gravolskampen. Vi fann ein del molte på denne turen.
Etter turen på Gravolskampen køyrde vi vidare innover mot Valdresflya. Plan var å gå på ein topp vi gjekk forbi utan å gå oppom for nokre år sidan, Sandhaugen. Vi køyre fyst til den nordlege parkeringsplassen til Bitihorn, men vi ville ikkje betale 60kr for å stå der, så vi køyrde litt attende og fann ein parkeringslomme. Her fann vi ein del molte før vi kom inn på råket.
Det vart to fine turar i relativt bra vêr, med flott utsikt frå toppane.
Løkjeshøvda og Heggeberget
- Date:
- 23.08.2019
Turar etter jobb. Blanding av topptur og sopptur/bærtur.
Dårleg med bær på Løkjeshøvda. Bra råk opp til Løkjeshøvda, følgde normalråket opp og tok bratta ved hoppbakken ned. Ingen utsikt på toppen.
Ok råk til Heggeberget, litt utsikt på toppen. På Heggeberget tok vi ikkje med bærplukkarane, men vi fann mykje piggsopp.
Gråkampen, Blåkampar og Gråskarvet
- Date:
- 21.08.2019
- Distance:
- 17.9km
Tur etter jobb. Vi hadde ikkje sett så nøye på kartet før denne turen, og difor ikkje tenkt over kor lang han eigentleg var. Turen vart vell lang for ein kveldstur, men flott var han. Det var tungt opp til Gråkampen, men fint å gå på godt råk. Vidare utan råk over Blåkampane til Gråskarvet. Hadde tenkt til å følgje same rute attende, men plutseleg fann vi ut at vi hadde gått rett mot aust i staden for søraust, men trur ikkje vi brukte mykje ekstra tid. Ettersom vi ikkje hadde tenkt over kor lang turen var, hadde vi med oss for lite mat, så vi var svoltne da vi kom attende til bilen. Men ein flott tur med strålande utsikt.
Hugakøllen
- Date:
- 19.08.2019
- Distance:
- 3.7km
Liten tur etter jobb. Flott råk heile vegen opp til toppen, og fin utsikt. Stoppa på myrane på heimvegen for å sjå etter molte, men stusseleg fangst.
Litt uforståeleg at folk må leggje inn så mange ruter og stideler og anna rart på kartet. Spesielt der råkane allereie er teikna inn på kartet. Og kvifor det er registrert båe utsiktspunkt og varde på ein topp er ikkje enkelt å forstå. Men men...
Mugnetinden og Raudhorn
- Date:
- 18.08.2019
Tur til Mugnetinden og Raudhorn på Slettefjellvegen. Parkerte på den store parkeringsplassen til Mugnetinden. Derifrå gjekk vi det flotte råket opp til toppen. Tydeleg at dette er ein populær topp, og vi møtte mange folk. Den flotte Jotunheim-utsikta toppen er kjend for fekk vi diverre ikkje, da vi var på toppen kom det regn, og Jotuntoppane var i skodde.
Etter turen på Mugnetinden drog vi innover til Gipestølen, og gjekk på Raudhorn. Vi følgde råket innover til Gipetjerne, og plukka ein del blåbær. Flott utsikt frå toppen. Attende ved Gipestølen møtte eg på ein hoggorm.
Stølhaugen
- Date:
- 17.08.2019
- Distance:
- 3.8km
Styggvêr, så da val vi ein skogstopp. Tok med bærplukkarar, men det var dårleg med blåbær, men vi fann litt kantarell.
Gilafjellet
- Date:
- 16.08.2019
- Distance:
- 8.1km
Tur etter jobb. Køyrde forbi Syndinstøga og til parkeringa ved Gilastølane. Verkeleg flott seterområde på vestsida av midtre Syndin! Råket oppover var bra, men dei siste hundre høgdemetrane var det steinrøys. Det var tungt å gå 650 høgdemeter etter jobb, men vel verd det. Fantastisk flott utsikt mot Hurrungane, Sørvest-Jotunheimen og Gjendealpane frå toppen.
Makalaus
- Date:
- 15.08.2019
- Distance:
- 6.5km
Tur etter jobb, med fagdag på Valdres vidaregåande skule i Leira.Køyrde innover den flotte austsida av Ølsjøen og Pardisfjorden. Parkerte ved Eidvasstølan. Flott råk opp til Makalausfjellet og fin utsikt. Opp til Vesttoppen følgde vi fyst det fine råket innover mot Kvitingen, før vi sleit litt med å finne råket opp til toppen. Utsikta var ikkje all verda, men flott over til sjølve Makalausfjellet. Fin tur.
Grønsennknippa
- Date:
- 14.08.2019
- Distance:
- 8.4km
Tur etter jobb med Kristine. Parkerte ved dei flotte Grønsennstølane. Fin tur i bra vêr, med godt råk og flott utsikt. Ein bra tur å innleie livet i Valdres med. Vi fann også ein del molte.
Klukkargardberget
- Date:
- 12.08.2019
- Duration:
- 1:48h
- Distance:
- 7.5km