Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
- Ski trip (3)
-
Trip by foot (16)
- Alpine trip (1)
- Hike (2)
- Hillwalk (12)
- Jogging (1)
Rasletinden
- Date:
- 25.07.2014
Turen til Rasletinden i ok vêr. Ganske lang og kjedeleg tur, bortsett frå at vi såg ein reinsdyrsflokk. Men toppen nådd, så tommelen opp.
Galdhøpiggen frå Spiterstulen
- Date:
- 10.07.2014
Hadde fått overtalt kona om at Galdhøpiggen var plassen å vere. Vi kom til Spiterstulen ut på dagen frå Oslo og starta å gå ca. kl. 12 på dagen. Ganske bratt i starten og kona lurte på om vi var komne fram snart. Lite visste ho om at vi måtte over to toppar for å kome til sjølve piggen. Meir og meir surmuling, og etter Keilhaus topp måtte eg ta i bruk gode overtalingsevner for å få ho til å gå vidare. Det hjalp ikkje på at eg hadde gløymt igjen halve nista. Vi var hôlsvoltne når vi endeleg kom opp i ettermiddagstida, og eg minnast at eg kjøpte 2 kvikklunsjar, to solo (boksar) og to pølser i lompe for å døyve svolten. Det kosta vel ca. 350 kr,-! Passe idiotisk å spørje om han tok kort, men karen var snill og lot meg overføre pengar når eg fekk dekning. Topp service! >>>
Melsnipa, Balestrand
- Date:
- 05.07.2014
Fin tur til Melsnipa i godt vêr. Gjekk opp sti til Grøndalen, og deretter rett opp sørfrå. Nokre klyv her og der, men elles greitt. Gjekk same tur tilbake, men rundt vatnet i staden for rett ned. Brukte mykje tid på det.
Bitihorn
- Date:
- 24.05.2014
Fin tur til Bitihorn frå parkering på nordsida. Tok ca. 3 timar tur-retur. Flott utsikt.