Bispberget via skåre (19.05.2013)
Start point | Bismo (414m) |
---|---|
Endpoint | Bismo (426m) |
Characteristic | Hike |
Duration | 5h 28min |
Distance | 9.6km |
Vertical meters | 782m |
GPS |
Prolog
Denne helga hadde eg, Leif Erik og Andreas planlagt tur til Holåtindane. I fylgje kjentmann og fjellfant onkel Per skulle føret vera omlag på sitt beste no i mai, og ei tid verka langtidsvarselet å halda med han i det. Men omlag ei veke før avreise skjedde det. Yr byrja å vingle, gråvær, snø, sol, finvær, gråvær.. Nokre dagar før helga kom det store mengder snø på eit døgn, før varmværet slo inn. Ja, det bikka ikkje eingong kuldegrader om natta inne ved Holåbreen. Utsiktane var dystre, og det gjekk nokre telefonar fram og tilbake før vi valgte å fylgja fjellvettregel fem, og høyra på erfarne fjellfolk (Onkel Per) og leggja turen på is.. Kva skulle vi gjera no? Ein ny telefon til onkel Per, og vi hadde avtale om å gå tur over Bispberget og sjå etter lapprosa.
Lapprose
Lapprose (Rhododendron lapponicum) er den mest kjende av dei to Rhododendronartene som veks i Noreg. I Noreg har lapprosa ein todelt utbredelse. Den veks i små område i Jotunheimen, i Gudbrandsdalen og i Romsdal. Det andre området er i Nord-Noreg frå Saltdal til Porsanger og strekkjer seg også inn i Sverige og Finland. I Sør-Norge veks den svært høgt til fjells, medan i nord går den lågare ned. Rhododendron lapponicum er godt kjend blant botanikarar og andre planteinteresserte, men overraskande få har sett den i naturen. Dette skuldas både at den veks på få stader og at den er så liten at dei fleste overser den. Blomstringa kjem kort etter at snøen går og er over på 1-2 veker.
Bispberget
Etter ein avslappa frokost tok vi oss ned til Bismoen og onkelen i 10-tida sundag. Herifrå gjekk vi bort til Ofossen. Ved Forbergsgarden fant vi ein fin buldrestein vi måtte leike oss litt på før vi braut oss rett opp ura mot Bispberget og Skåre. Ei skår i berget der det går an å koma seg oppover til fots. Her steig både utsyn, høgdemeter og puls fort, men vi var snart oppe i Skåre, og slakare motbakkar. Det var bratt og til dels utsett oppigjennom her, men ikkje verre enn at sjølv dei meir høgdesjuke burde greie det. Nesten oppe kom vi over Mogop i blomstring.Mogop
Mogop (Pulsatilla vernalis) er ein om lag 10 cm høg fleirårig plante kubjølleslekta i soleiefamilien. I Noreg veks mogop på tørre stader, både på furumoar og i fjellet, frå Modum og nord til Sunndal og Tynset. Han blomstrar tidleg i fjellet. Mogop er fylkesblomster i Oppland.
Som blomsterentusiastiske fotografar blei det her ein lengre pit-stop og mykje kryping i lyngen. Etter denne fotosesjonen labba vi opp til ein meir eller mindre utturka vatningsdam. Ved dette kulturminnet inntok vi lunsj og kaffe i strålande vær. Ja, så strålande vær at vi kunne labbe rundt barbeint. Det blei ei lang og lat pause som høver seg ein sundagstur i slik knallvær. Etterkvart kom vi oss likevel i gang igjen. Vi svinga oss fram mot kanten på Bispberget, og valde utsyn og luftigheit framfor å gå over sjølve toppa. Vi runda kanten og onkel byrja å leita ettter Lapprosa, medan vi andre sette oss ned og varma oss i sola. Onkel virra fram og attende i lengre tid, før han til slutt måtte konstatere at Lapprosa ikkje hadde byrja blomstringa enda. Dermed var det berre å labbe seg ned gjennom den idylliske hylla Skeidsholet, før vi labba oss ned gjennom skogen til Bismoen igjen. Vi var alle einige om at det hadde vore ein fin tur.
Med på tur: Leif Erik, onkel Per og Elin
Start date | 19.05.2013 10:38 (UTC+01:00 DST) |
End date | 19.05.2013 16:06 (UTC+01:00 DST) |
Total Time | 5h 28min |
Moving Time | 4h 05min |
Stopped Time | 1h 22min |
Overall Average | 1.7km/h |
Moving Average | 2.3km/h |
Distance | 9.6km |
Vertical meters | 782m |
User comments
Fin bruk av
Written by mortenh 24.05.2013 23:53Fin bruk av faktabokser i teksten. Et lite tips, dersom du velger statkart, får du et bedre kartbilde i illustrasjonen med GPS-dataene.
Sv: Fin bruk av
Written by Husomlykkjun 25.05.2013 10:43Morro å testa ut litt dei moglegheitene ein har. Takk for tipset! Det gjorde seg :)