Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Climbing (5)
- Bouldering (2)
- Ice climbing (1)
- Sport climbing (1)
- Via ferrata (1)
-
Other trip (2)
- Expedition (2)
-
Ski trip (8)
- Backcountry skiing (5)
- Randonnée/Telemark (3)
-
Trip by foot (23)
- Alpine trip (1)
- Hike (16)
- Hillwalk (3)
- Walk (3)
Favourite trips
Favourite peaks
Fountainebleau
- Date:
- 16.03.2014
- Characteristic:
- Bouldering
Det har vore litt stille frå meg her på peakbook i det siste. Andre delar av livet har hatt prioritet, og turane har ikkje vore så veldig intressante å skriva om. Men for å i det heile tatt halda litt liv i denne sida kjem her ein liten turrapport frå turen eg hadde til Fountainebleau våren 2014. Ideen vart unfanga ein kald februardag i Trondheim Klatresenter av Eirik. Han samla etterkvart troppane og ordna både git og leiebil, så for oss andre var det eigentleg berre å bestille fly og pakke sekken. Flyet frå Trondheim gjekk som vanleg alt for tidleg, men alt for buldringa.. Blei møtt av Eirik i ein forstad til Paris, der heiv vi i oss litt mat før snudde leigebilen mot Font. Vi etablerte oss i git'n og venta på at dei andre skulle koma med fly utpå kvelden. Etter eit par timar >>>
Eit kilesett gjer ingen joika
- Date:
- 29.08.2013
- Characteristic:
- Sport climbing
Ei svale gjer ingen sumar seier dei, og eit kilesett gjer heller ingen til joika.. Men vi kom i alle fall nokre hakk nærare.. Sportsbua har kjøyrd 50% salg på alt klatreutstyr. Eg og Andreas var litt seint ute så størsteparten av utvalet var ribba da vi kom dit, men vi greide i alle fall å få krafsa til oss kvert vårt kilesett. Og no var det på tide å få testa det på den lokale granitten. Ein drug kjøyretur gjennom Trondheim sentrum i rushtrafikken og vi var endeleg ute i marka. Vi bestemte oss for å gå ein 4- ved navn "Eventyrstien", eit fint lite dieder. Andreas skulle lede, og eg sikra. Ledinga gjekk som ein drøm for Andreas til tross for litt nerver. Kanskje spesielt når ein av kilane spratt ut og eg forsiktig sa "Eg trur du vil stoppe og setja ei ny sikring >>>
Min fyrste tur til Harbak
- Date:
- 03.08.2013
- Characteristic:
- Bouldering
Fleire helger denne våren og sommaren har vi planlagt tur Harbak, men Trøndelag er Trøndelag og været har som regel sett ein stoppar for planane. Denne helga skulle det endeleg bli tida for min fyrste tur til Harbak. Eg var delvis litt bekymra sidan eg frå før berre har buldra på 4 og 5 talet ute. Det hjalp heller ikkje på at eg visste at alle ruter under 6A kun er gradert "lett" i føreren, og at ein ikkje får billige grader på Harbak. Likevel var eg jo gira på å få eit besøk til eit av Noregs beste buldrefelt! Klokka 9 laurdag morgon blei eg plukka opp av Leif Erik og Eirik, før vi sette kurs mot Flakk og ferga over til Fosen. På ferga møtte vi resten av gutta på tur; Arve, Erlend og Eivind. Lita kaffepause med vond fergekaffe, før vi dura i veg frå Rørvik og >>>
Vinterjuving i Tundra
- Date:
- 28.03.2013
- Characteristic:
- Ice climbing
- Distance:
- 7.8km
Eg har nyst kjøpt meg nye stegjern, og ville gjerne få testa dei i påsken. Så eg, onkel og søskenbarn Elin la ut på tur i Tundra. Ein tur som eg nok vil karakterisera meir som "vinterjuving", enn som isklatring. Uansett kva ein kallar det, dette er ein spanande tur fordi ein kjem til plassar ein aldri kan få besøkt ellers. Vi kjøyrde opp til omlag Brumillom, der vi parkerte. Vi pakka med oss langt meir "skrammel" enn vi nok trengte, men det ser jo skikkeleg profft ut med mykje utstyr i klatreselen.. Eller var det nybyrjar? Vi gjekk ned mot elva, og turen kunne nok godt ha enda alt her. For her var det realt glatt, og vi hadde ikkje fått på oss stegjerna. Både eg og onkel sklei stygt på veg ned mot Tundra, og eg trur onkel slo skuldra si skikkeleg godt. Vi kom oss uansett med litt >>>
Munken - via ferrata
- Date:
- 04.07.2009
- Characteristic:
- Via ferrata
Klatra munkenstigen med Andreas og Rannveig. Dette er ein via ferrata opp Munken, fjellveggen ein ser rett over mot i frå byen. Sol og flott vær denne dagen. Dette var ein av mine fyrste opplevingar med meir "utsett" friluftsliv, så eg var nok litt smånervøs før vi sette iveg. Kom meg greit opp "testløypa", så vi fortsette oppover løypa der det ikkje lenger var anledning til å snu. Til tross for litt høg puls gjekk det for det meste greit, heilt til vi kom opp skogen. Det gjekk relativt sakte med meg når vi skulle ut på eit bratt og glatt sva som verka særdeles utsett. Til tross for angst og antydning til kryping og blodgrep om wiren, kom eg meg da til slutt over denne kneika også. Det siste svaet opp mot toppen gjekk greit, og det var godt å koma seg til >>>