Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Climbing (1)
- Ice climbing (1)
- Ski trip (7)
-
Trip by foot (35)
- Alpine trip (1)
- Hike (14)
- Hillwalk (17)
Archiv - Geography
Favourite peaks
Stetinden
- Date:
- 20.09.2014
- Characteristic:
- Alpine trip
- Duration:
- 7:30h
- Distance:
- 12.5km
Dette var vår laurdagstur på Pakbook-treffet på Leirvassbu, eit arrangement me (Karin og eg) hadde gleda oss til heilt sidan me melde oss på tidleg på året. Og me vart slett ikkje skuffa. Eit omfattande turprogram vart gjennomført og om kveldane kunne me gleda oss over fantastiske bildeforedrag av folk som heilt klart har ”meir i ryggsekken” enn oss. Stor takk til arrangøren med Morten i spissen og vel blåst! Me hengde oss på laurdagsturen til Stetinden. Turen var opplagt som familietur og såg ut til å passa vårt nivå. Godveret frå fredagen forsvann diverre over natta og det var litt grått kring ”nevene” då turfylgjet på 20 starta frå tunet på Leirvassbu kl 09.10. Men alle var opplagde og ved godt mot. Dei fyrste 2,5 km gjekk etter anleggsvegen nedover Gravdalen. Deretter >>>