Påsketur til Mugnetind (18.04.2014)


Map
Ascents Mugnetinden (1,737m) 18.04.2014

Planen for i dag var Bitihorn, men i og med at Valdresflya var stengt grunna opprydding valgte eg dermed Mugnetind. Har ikkje vore der før, men det skulle vise seg at det ikkje bare var eg som skulle dit.

På veg oppover såg eg mange svarte prikkar på veg oppover. Sola steikte og flisen måtte fort ned i sekken. Ikkje ei sky på himmelen, ingen vind og nokon minusgrader gjer at dagen i dag var perfekt!

I første henget tok ei ei matpause, tok av skoa, fann fram vatn, krimboka, appelsin, nista og ein kvikklunsj. "Nå kan eg ikkje ha det betre" tenkte eg med meg sjølv. På tur oppover rann svetten og solkremen eg hadde på meg skulle vise seg å vere gull verdt i dag! På toppen kunne eg telle ca 30 mennesker. Minste på fire. Folk hadde alt frå racing langrennski til proft randonee utstyr.

Nedkøyringa skulle vise seg å vere variabel. Nokon parti var greie, men andre var harde og avblåst. Mykje transportetapper dessverre. Ned den bratte sida eg såg på når eg gjekk opp såg eg to fine 8-tall svinge seg nedover sida som måtte vere rundt 40 grader. Om det frista!! Siste bakken skulle og vise seg å vere frykteleg bratt. Eg turde ikkje og valde å køyre den safe ruta med grei nedkøyring.

FOR EIN TUR!!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.