Archive - Date
Archive - Activity
Peakbook-Friends
Ljosvollsvarden
- Date:
- 15.10.2013
Eg parkerte langs vegen som heiter Vallaheiane, om lag 250 meter søraust for E39. Derifrå gjekk eg til fots til vegs ende og fann ein sti mellom Vallaheiane nr. 141 og 143. Denne stien går først og fremst nordvestover bort til terrasseblokkene like ved. Men eg tok straks av til høgre og følgte etter kvart ein god sti opp dalen bak dei nemnte husa. Stien er ganske god og ganske godt tilrettelagt kor ein har flytta på fleire steinar for å gjera det lettare å koma seg fram. Etter kvart går stien inn i ein lettgått granskog og så opp på ryggen til venstre for dalen. Ein vil så snart koma til høgde 297 m.o.h. Der er det verdt å nyta utsikten vestover, det vart det beste utsiktspunktet for meg på denne skogsturen. Derifrå er det ganske flatt bortover og etter ca. 200 meter skal >>>